Vedtak i Naustdal kommunestyre vedrørende mineralstrategi

cigaren
NOM 22.06.2018 kl 06:36 5631

Klippet fra propaganda-siden til Engebø-geriljaen.

"Med knappast mogleg fleirtal, 11 mot 10 røyster vedtok Naustdal kommunestyre framlegget til mineralstrategi slik den låg føre. Fleirtalet var Arbeiderpartiet sine sine og Høgre sine to røyster. Dei andre partia, Kr.F, Sp og SV røysta mot.

Mineralstrategien er dirkete knytt til prosjektet Nordic Mining har for utvinning av rutil og granat i Engebøfjellet. Difor vart det stilt spørsmål om vedtaket var til fordel for Nordic Mining i konkurranse med det nye selskapet som planlegg gruvedrift utan både fjordfylling og dagbrot. Såleis kan det stillast spørsmål ved om mineralstrategien er i strid med lova.

På vegen mot ei endeleg avgjerd i kommunestyret vart eit framlegg frå V om utsetting på konkrete premissar røysta ned. Den same skjebnen hadde eit framlegg frå Sp om å godta mineralstrategien med atterhald om å ta saka opp att om statlege styresmakter går attende på løyvet til fjorddeponi. SV støtta framlegget til V, men når det vart avvist, sette SV. fram sitt eige forslag til vedtak:
"Framlegg til Mineralstrategi for Naustdal og Askvoll kommune må omarbeidast på viktige punkt og kan difor ikkje vedtakast.
I høyringsrunden har det kome fram viktige og alvorlege innvendingar utan at noko er teke omsyn til i framlegget til strategi. Og i det seinare har det kome fram at det er mogleg å vinne ut viktige mineral utan store miljøkonsekvensar.
Framlegget er meir ein plan for å støtte eit konkret prosjekt enn ein strategi for å utvikle
mineralnæringa til ei berekraftig næring med små miljøkonsekvensar og verdiskaping for lokalsamfunnet. Mineralstrategien for Naustdal må bygge på FN sine berekraftmål."

Avrøystingane skjedde etter at Artic Mineral Resources hadde hatt ei god orientering om sine planar for utvinning av granat utan fjordfylling og dagbrot. Representantane for selskapet gav også godt innsyn i vedtaksprosessen og lovgrunnlaget for rettane til utvinning og drift. Dei påpeika mellom anna at den endelege faglege vurderinga av eit mineralprosjekt kjem til slutt etter at alt anna med areal, utslepp også vidare var avklara. Det kan bety at styresmaktene til slutt MÅ godkjenne eit dårleg prosjekt, både miljømessig og økonomisk. Dei påpeika at det er det som kan skje med prosjektet til Nordic Mining."

Livets realiteter går opp for selv den mest trangsynte idealist.
Redigert 22.06.2018 kl 06:48 Arkivert
Dette er en arkivert tråd!
Arkivert Til toppen