Gull og gruve

_HH_
13.10.2018 kl 15:14 4099

Har vore hektisk i det siste så det er fyrst no eg har fått sett meg ned og sett nærmare gjennom informasjonen knytte til emisjonen.

Det er positivt at dei 3 største aksjonærane er garantistar for 25 prosent av emisjonen. Dei har 8,3 mill aksjer og garanterer for 4,7 mill aksjer. Dette er fyrste gang som eg kan huske at NOM får aksjonærar til å garantere for ein emisjon og det i seg sjølv er verdt å merke seg av fleire grunnar. Rett meg gjerne dersom nokon har opplysningar om noko anna.

Eg tvilar på at investorane gjer dette utan å vere sikker på at det vil gje avkastning og at dei har fått forsikringar av leiinga om at det vil vere ein god investering. Samtidig vil eg tru at dei har stilt nokon krav tilbake til leiinga, det hadde iallefall eg gjort. Mellom anne ville eg ha stilt krav om at leiinga skal delta fullt ut i emisjonen. Dette bør ikkje vere urimeleg gitt det faktum at dei ikkje har gjort dette i dei siste emisjonane og investorane tek så stort ansvar. Eg reknar derfor med at leiinga og styre kjøper aksjer i denne emisjonen som ein del av eit krav frå investorane.

Dersom ein ser på dei største kontoane som ikkje er nominee kontoar er det VPF NORDES AVKASTNING, B-L Holding og Adurna AS. Desse har nesten 8,4 mill aksjer dersom status på oversikta her inne stemmer. Det kan vere desse som garanterer emisjonen, men det er berre spekulasjonar frå mi side. At Barton er med i denne gruppa er vel ganske sikkert sidan dei har sagt at dei skal støtte finansieringa i selskapet, men også sidan det står at dei skal ha inn eit styremedlem i NOM som skal observere.

Det vert interessant å sjå kven som selde seg mest ned på topp 50 lista neste veke for da veit ein kven som hadde meir info enn resten av gjengen.

Dei største investorane som er på lista er ikkje kjent for å vere tradere, noko som igjen taler for at aksjane ikkje går rett ut på marknaden når emisjonen er over. Det kan bety at kursen får ein stigning når emisjonen er over.

Det går fram av presentasjonen som var lagt ved at kapitalbehovet for DFS er 50 mill NOK, men dei vel å hente inn 40 mill NOK (minus kostnadar med emisjonen). Eg tykkjer det er litt rart at dei ikkje hentar alt dei trenger når dei fyrst køyrer emisjon og EGF, men det kan jo tyde på at leiinga har planer om ein alternativ finansiering på eit seinare tidspunkt, men at ein må ha kapital fram til dette. Det kan også vere at investorane har stilt krav om at NOM skal finne alternativ finansiering vidare for å vere med på desse vilkåra. Eg ser ikkje så mange andre forhold som tilsei at ein henter inn dei siste 10 millionane.

Dette med alternativ finansiering er verdt å diskutere vidare. I tidslinjalen som er oppgitt i presentasjonen står det når Keliber forventa å starte opp produksjonen. Dersom ein ser på tidspunktet for oppstart Keliber tilsei dette at finansieringspakka for Keliber må snart vere på plass, og det innan H1 2019. Dersom ein ser dette opp mot det skisserte kapitalbehovet til NOM framover betyr dette følgjande:
1.Keliber greier å finansiere seg sjølv gjennom offtake-agreement, lån, samt at NOM kanskje vel å redusere sin eigerandel eller
2. NOM seljer seg heilt ut av keliber og bruke pengane på Engebø.

Det er ingen rom til store investeringar i Keliber med det budsjettet som er lagt fram i presentasjonen. Eg ser det ikkje som eit realistisk alternativ at NOM har gløymd å budsjettere med Keliber. Da står ein att med dei to alternativa som eg har skissert. Begge desse alternativa er gode for oss aksjonærar fordi det vil sikre eit betre grunnlag for aksjekursen og vidare finansiering av Engebø og drifta.

Ein oppstart av Keliber når byggjefasen for Engebø starter er også positivt for NOM for da vil dei få inntekter ila byggjefasen, dersom dei vel å behalde Keliberandelen.

Rapportér innlegg

Vennligst skriv inn kommentar på hva du mener er upassende og trykk send. Dersom kommentar ikke er nødvendig, vennligst trykk send direkte.
E-postadressen brukes kun for å få kontakt med deg i forbindelse med advarselen.
E-postadressen brukes kun for å få kontakt med deg i forbindelse med advarselen.