Gull og gruve

Kanin89
11.01.2021 kl 15:02 5711

Rett skal vere rett, vedtaket frå Sunnfjord kommune er at ein ikkje ynskjer deponering av massar i Førdefjorden.

Det blir snakka mykje om arbeidsplassar, men all erfaring tilseier at arbeidsplassane kun vil vere attraktive for aust-europeerar som jobbar nordsjøturnus, der svært få velgjer å busette seg lokalt.

Kva elva Jølstra deponerar av silt i fjorden er ganske irrelevant. Det er miljøgifter og spreiing av desse som er problemstillinga.

Dette prosjektet er dårleg samfunnsøkonomi for Norge. Vi sel over sjømat for over 100 milliardar til premium pris i utlandet fordi Norge har eit image av reine fjordar og natur. Dersom dette prosjektet skulle redusere dette prispåslaget berre med ein prosent så er ein enormt i minus.

Så det er ikkje så rett fram med blå skyer som ein skal ha det til. Eg har forøvrig gode vennar som har investert i Nordic Mining. Ein skal vere klar over at det er risiko for at det ikkje er ei bra investering.
Redigert 21.01.2021 kl 08:27

Rapportér innlegg

Vennligst skriv inn kommentar på hva du mener er upassende og trykk send. Dersom kommentar ikke er nødvendig, vennligst trykk send direkte.
E-postadressen brukes kun for å få kontakt med deg i forbindelse med advarselen.
E-postadressen brukes kun for å få kontakt med deg i forbindelse med advarselen.