Gull og gruve

_HH_
16.01.2021 kl 19:31 1597

Ein aktør med rettar til staten sine mineral kan ikkje nekte ein part med rettar til grunneigar sine mineral å undersøke grunneigar sine mineral.

AMR lanserte seg med store ord i 2018 der dei sa dei hadde rett til å drive gruven med bakgrunn i granaten og til å kjøpe ut rutilen til NOM. Etter at dei forstod at dei hadde gått på ein kjempesmell har dei på ny lansert planar om å selje og utvinne rutil ved ulike høve. Alt dette gjer at ein kan stille spørsmål ved om dei kan stolast på når dei påstår at dei ikkje skal undersøke rutilen. Etter mitt syn har dei ingen truverd på dette området.

Så er det slik at DMF i dette tilfellet har definert at granaten per definisjon er staten sine mineral i denne saka, ref konsesjonen. Da følgjer det direkte av dette at AMR ikkje kan undersøke granaten, utan løyve av NOM.

Du skriver:
"DMF har i flg mineralloven ingen plikt til å foreta en selvstendig vurdering av forholdet mellom grunneiers og statens mineral før drift settes i gang på statens mineraler. Når først driften er igangsatt er fristen for å kreve sin rett til mineralene utløpt"

Det verkar som du blander saman det at DMF ikkje har noko sjølvstendig plikt til å skaffe til vegs opplysningar om grunneigar sine mineral i førekomsten , for å sikre grunnlag til å foreta ei vurdering om denne "åpnebart kan utnyttes selvstendig". Dersom grunneigar skaffar til vegs informasjon som er relevant og krever ei vurdering av dette, ser eg ikkje at DMF kan nekte. Men som sagt har DMF sagt at granaten tilhøyrer staten i denne saka.
Redigert 21.01.2021 kl 08:24

Rapportér innlegg

Vennligst skriv inn kommentar på hva du mener er upassende og trykk send. Dersom kommentar ikke er nødvendig, vennligst trykk send direkte.
E-postadressen brukes kun for å få kontakt med deg i forbindelse med advarselen.
E-postadressen brukes kun for å få kontakt med deg i forbindelse med advarselen.