Gull og gruve

_HH_
02.01.2019 kl 18:12 2436

Eg registrerer at dei kritiserer Promine for litt forskjellig, men dersom dei verkeleg var seriøse og det eksiserer seriøse planar så er det vel berre å leggje dei fram for kommunen og offentlegheita? Det er ikkje akkurat slik at dette er farleg eller konkurranseproblematisk sidan dei forsøker å tvinge NOM til å drive på same måte? Da må dei jo kunne legge fram gruveplanane sine slik at desse kan kvalitetssjekkast...I tillegg vrir AMR på heile situasjonen, det er AMR som har bedt om å stoppe NOM sin prosess med bakgrunn i deira planar og da er det innlysande at det er dei som må dokumentere grunnlaget for dette. Det er ikkje kommuna eller Promine si oppgåve. Når AMR av ein eller anna grunn held tilbake eller ikkje kan legge fram dokumentasjon på planane sine kan berre Promine forholde seg til den informasjonen som er offentleg. Det er også forskjell å spørre etter avklarande informasjon knytt til allereie eksisterande dokumenter og om å be AMR leggje fram fullstendige dokumentasjon på noko som dei ikkje har presebtert offentleg.


Dei som følgjer litt med kan sjå at no har AMR skifta plan, dei skal leggje fram eit utkast til reguleringsplan ila året.. sist dei var i media skulle dei sende inn ein driftsplan for vevringssida...planane skiftar fort hjå AMR, rotar dei med plantypane eller har skipet byrja å ta inn vatn så rottene byrjar å bli desperate?
Ein annating som er verdt å merke seg er at det er med stor sannsyn berre TVR som står for arbeidet AMr leverer inn. Det kan tyde på at dei ikkje har mykje midlar til rådigheit, elles ville dei ha nytta eksterne konsulentar og jobba på fleire frontar samstundes..men dette kostar pengar.
Redigert 02.01.2019 kl 18:13

Rapportér innlegg

Vennligst skriv inn kommentar på hva du mener er upassende og trykk send. Dersom kommentar ikke er nødvendig, vennligst trykk send direkte.
E-postadressen brukes kun for å få kontakt med deg i forbindelse med advarselen.
E-postadressen brukes kun for å få kontakt med deg i forbindelse med advarselen.