Gull og gruve

_HH_
13.04.2021 kl 19:17 4728

No er det slik at mengde av dei ulike minerala i førekomsten vil aldri vere styrande for kva som er staten sine mineral eller ikkje, det er knytt opp til kva type mineral det er og i kva kjemiske bindingar dei opptrer i. Derimot vil mengde styre om førekomsten er drivverdig på desse minerala eller ikkje. Er mengdene små slik at staten sine mineral ikkje er drivverdige, skal ikkje utvinningsrett bli gitt. Men om begge mineraler er til stades i slike mengder at begge er drivverdige, er det fortsatt part med rett til staten sine mineral som vil ha rett til å drive førekomsten, uavhengig av verdien og mengda av grunneigar sine mineral i førekomsten.

Rettane mellom staten sine mineral og grunneigar står ikkje likt. Har ein fått retten til staten sine mineral, så har ein for det fyrste ikkje fått dei gratis og vederlagsfritt. Ein betaler årleg avgift for å ha undersøkelse og utvinningsrett til dei aktuelle områdene, og for å få dei ulike rettane må ein leggje ned ressurser i å undersøke og dokumentere drivbarheita av førekomsten. Dette medfører også at ein utvinnar med rett til staten sine rettar står sterkare dersom det er interessekonflikt mellom utvinning av staten sine mineral og grunneigar sine mineral, i form av at utvinnaren av staten sine mineral er den som får utvinne/drive gruva. Om utvinnar av staten sine mineral får behalde minerala som tilhøyrer grunneigerane vil derimot vere avhengig av om grunneigar kan dokumentere om dei kan drive sjølvstendig på den. Den vurderinga er det DMF som skal gjere og går fram av minerallova paragraf 32 andre ledd.

Rapportér innlegg

Vennligst skriv inn kommentar på hva du mener er upassende og trykk send. Dersom kommentar ikke er nødvendig, vennligst trykk send direkte.
E-postadressen brukes kun for å få kontakt med deg i forbindelse med advarselen.
E-postadressen brukes kun for å få kontakt med deg i forbindelse med advarselen.