Gull og gruve

_HH_
17.04.2021 kl 11:41 2615

I prinsippet er NFD si overprøving av vedtaket ei heilt ny handsaming av saka og dei har valgt å hente inn uttale fra DMF for å utdjupe vedtaket deira, i allefall slik såg det ut i det opphavlege skrivet som vart sendt fra NFD til DMF. Men i etterkant av dette har AMR pøst på med nye påstandar som må sjekkast ut dersom ein ikkje skal risikere sakshandsamingsfeil, jamfør det faktum at dette vil mest sannsynleg bli overprøvd i ein rettsal.

Ut i fra det som eg har funne av informasjon, har ikkje NFD fast avtale med juridiske rådgjevarar innanfor fagfeltet minerallova, men henter inn dette etter behov. Eg har ikkje funne dokumentasjon som tilsei dei har gjort dette i denne saka. Derimot DMF har fast avtale (rullerer sjølvsagt) og DMF har også sannsynlegvis brukt Simonsen Vogt Wiig som dei hadde avtale med da søknaden om konsesjon kom inn til dei fra NOM. Med bakgrunn i dette vil eg tru at alle påstandane som AMR har løfta, har blitt kanalisert gjennom DMF og til Simonsen Vogt Wiig. Det forklarer alle dei skjerma skriva fra det aktuelle advokatfirmaet som fyrst går til DMF for deretter at DMF sender eit skjerma skriv til NFD den påfølgjande dagen.

Svaret som DMF no har gitt, inneheld derfor mest sannsynleg ein bakgrunn for si vurdering knytt til paragraf 32 og 7, men også svar på dei andre påstandane som AMR har kome med. Med bagrunn i dette kan ein påstå at dette skrivet inneheld nye moment i form av svar på AMR sine nye juridiske påstandar i samband med ankesaka, og dette vil vere friteke fra det offentlege, uavhengig av kva utfall det støtter opp om, sidan det er ein del av sakshandsamingsgrunnlaget.

Når det gjelder tidsbruk i saka, er det ikkje gitt at dette kan direkte koblast opp mot at innhaldet er komplekst og derav negativt for NOM, men det kan like sannsynleg vere at sidan AMR produserer påstandar i enorme mengder så må desse svarast ut skikkeleg, jamfør sakshandsamingsfeil. Desto meir jobb, desto meir tid treng ein for å svare.

Det at det tek lang tid betyr også det at dei ikkje har funne noko heilt innlysande gale eller problematisk som gjer at NOM mister konsesjonen, fordi da hadde dette med stort sannsyn vore enkelt å svare ut og tidsbruken hadde vore låg, i allefall om påstandane fra AMR er riktige. Det er tross alt slik at overprøving gjev staten rett til å rette opp i gale forhold utan at dette gjev dei noko erstatningsansvar. Så har DMF gjort noko gale, er det enkelt for NFD å fikse dette i si avgjerd og det vil ikkje få noko konsekvenser for korkje DMF eller NFD. Så AMR sin påstand om at DMF vil byggje opp under si eiga sak er ikkje logisk fordi det er alvorlegare å få avgjerda endra av ein domsstol enn at NFD endrar dette no. NFD vil heller ikkje tillate at uriktige saker blir ståande da det vil i neste omgang skade deira rykte.

Men det ein kan konkludere med, er at sidan DMF har no gjeve sitt offisielle svar på NFD si henvending, anser både NFD og DMF saka som tilstrekkeleg opplyst og dei har fått svar på dei juridiske problemstillingane dei hadde. Det vil sei at no er det berre for NFD å samle det saman trådane og svare...

Redigert 17.04.2021 kl 11:48

Rapportér innlegg

Vennligst skriv inn kommentar på hva du mener er upassende og trykk send. Dersom kommentar ikke er nødvendig, vennligst trykk send direkte.
E-postadressen brukes kun for å få kontakt med deg i forbindelse med advarselen.
E-postadressen brukes kun for å få kontakt med deg i forbindelse med advarselen.