Grønne aksjer

Nebelstreif
07.05.2021 kl 09:22 4856

Tykkjer begge syna som vert framlagt her er valide. På den eine sida leverer dei nok eit kvartal med overskot på sjølve drifta. Det er særs gledelig! Dei har klart det dei siste fire kvartala etter å ha gått i minus i åresvis. Samstundes er det litt lite tempo i kontraktsfornyingane, noko som er skuffande. Det er midlertidig kommuniisert at "det ligg meir i pipelinen". Dette kjem nok til å materialisere seg då det er tunge operatørar som er oppdragsgjevarar. Det er gjort eit godt arbeid med å skape ein meir fleksibel organisasjon, der utgiftene har minska ganske bra i det siste (bl.a. løn), så det virker som ein har god kontroll. Året i år kjem nok til å være ganske positivt reint økonomisk sett. Eg er uenig med 0,15 i resultat pr. aksje i år, då det er mykje leveranse resten av året, berre les note 13 i reknskapen. Elles er jo 0,15 tilsvarande ca 14 i P/E ut frå dagens kurs, noko som ikkje er fantastisk, men absolutt ikkje ille i forhold til dei fleste andre aksjer på børs. Trur dog at vi kan rekne med ganske mykje høgare inntekter i år. I tillegg er det framleis ganske stor utsatt skattefordel, som ein no faktisk ser ut til å kunne nytte (note 9 i reknskapen). Ein kan derfor få ein meget hyggelig tilleggseffekt, og selskapet vil ant. være gjeldfrie om eit år dersom dei får benytta denne skattefordelen.

Oppsummert er eg veldig imponert at ein har klart å gjere selskapet lønnsomt, samt å ha meir eller mindre kvitta seg med den enorme gjelda. Framtida avhenger sjølvsagt av kontrakter, men det ser ut som om ein har fått bygd opp ein fleksibel, men solid organisasjon no, der det faktisk er kontroll på det ein held på med. Derfor ganske så positiv til vidare framgang.
Redigert 07.05.2021 kl 09:24

Rapportér innlegg

Vennligst skriv inn kommentar på hva du mener er upassende og trykk send. Dersom kommentar ikke er nødvendig, vennligst trykk send direkte.
E-postadressen brukes kun for å få kontakt med deg i forbindelse med advarselen.
E-postadressen brukes kun for å få kontakt med deg i forbindelse med advarselen.