Gull og gruve

vestavind
31.01.2019 kl 14:38 1314



FØRDE: Avtalen kan bli verd millionar.







DEL 








Annonse

– Vi har vore i dialog med det japanske firmaet ei stund, og no har vi inngått i ein intensjonsavtale med dei, seier Ivar S. Fossum, dagleg leiar i Nordic Mining.

Fossum seier dei to selskapa er heilt i byrjinga av eit samarbeid, og difor vil han ikkje gå ut med namnet til den Japanske bedrifta.

– For ikkje lenge sidan inngjekk vi ein avtale med eit Amerikansk selskap, og denne avtalen blir truleg noko liknande, seier han.

Kan bli millionavtale

Det japanske selskapet skal gå inn med store investeringar i Nordic Mining, for å sikre at gruveprosjektet blir finansiert.

– Dei er allereie ein kundane våre. Det Japanske firmaet gjer dette strategisk for å sikre seg det råstoffet dei treng. Dei skal gå inn med ein betydeleg del. Ein treng samarbeidspartnarar på prosjekt som er så store som dette, seier han.








Les også

Amerikansk selskap inn i Engebø-gruve

Råstoffet dei treng er rutil, som blir brukt til å lage metallet titan.

– Vi lever i ei verd der finansiering av slike prosjekt ikkje er så lett, så dette er veldig stort. Dette skal bli ein langsiktig partnar, dette er veldig fornuftig, seier han.

Utanom at det er ein betydeleg avtale vil Fossum ikkje gå i detalj om kor stor avtalen kan bli.

Intensjonsavtale

Samarbeidet har allereie starta og dei to selskapa jobbar saman i dag, men per i dag er dette berre ein intensjonsavtale.

– Slike avtaler må modnast, det er eit puslespel som må setjast saman. Det kjem til å ta litt tid før alt er på plass. Vi har eit veldig godt samarbeid med dei, og det går rette vegen, seier Fossum.

Aksjekursen til Nordic Mining gjekk opp til det høgste den har vore denne veka etter at nyhenda om intensjonsavtalen blei kjend

Rapportér innlegg

Vennligst skriv inn kommentar på hva du mener er upassende og trykk send. Dersom kommentar ikke er nødvendig, vennligst trykk send direkte.
E-postadressen brukes kun for å få kontakt med deg i forbindelse med advarselen.
E-postadressen brukes kun for å få kontakt med deg i forbindelse med advarselen.