Olje

AbuDhabiOil
06.02.2019 kl 16:09 1020

Takk til sebioslo og helloween for gode ord og grattis til IOX.fans!
Strofene/sludderet under kan du nynne til kråkevisetone, om du vil!

Og Abu han frys og er lens for ved,
Hei farra er lens for ved,
Så fyllte han sekk og tok kjerringa med,
Hei farra, fal-tu-ril-il-tu ral-tu-ra.

Og Abu ved rattet i vintercap,
Og mor ho laut surfe på netfonds ap.

Til Strømstad vi drog utan motorstopp.
Og koste oss begge med kursar opp.

Der bunkra vi opp med boblevin.
Og yoghurt og sild og jolesvin.

Og så tur til Kilen i snø og sludd.
Med IOX til høgder ein ikkj'sku trudd.

Og hytta låg raud og flottt og fin.
Og trufast ho venta på guten sin.

På tomten var spor etter rådyr og stær.
Men slett ingen tjuvar had' vore nær.

Og vedlladet bugna av tørrkvisten god.
Så Abu kan fyre i fred og ro.

Og heimatt gjekk turen i djup tunnell.
Mens luten på børs køyrde karusell.

Og så vart det bacon og ribbe og fett.
Og nett no er Abu så god og mett.

Og dei som syns sal på tre fjorten var lurt.
Hei farra, på tre fjorten var lurt.
Kan kjøpa tilbake når det blir dyrt.
Hei farra, fal-tu-ril-il-tu-ral-tu-ra.
Redigert 06.02.2019 kl 16:12

Rapportér innlegg

Vennligst skriv inn kommentar på hva du mener er upassende og trykk send. Dersom kommentar ikke er nødvendig, vennligst trykk send direkte.
E-postadressen brukes kun for å få kontakt med deg i forbindelse med advarselen.
E-postadressen brukes kun for å få kontakt med deg i forbindelse med advarselen.