Gull og gruve

reid-han
16.02.2019 kl 08:20 4833

Planutvalet i Førde vil ha Nordic Mining ut av strategiplan
FRAMLEIS MOT: Helge Robert Midtbø og Ivar Svensøy (begge Ap) meiner det er rett av politikarane i Førde å framleis markere standpunkt i saka om sjødeponi.
FØRDE: Strategisk næringsplan for Sunnfjord er lagt ut på høyring. Planutvalet i Førde valde å sende eit politisk signal med planen. Dei ønsker nøytral ordbruk knytt til Engebø.
Eg føler det blir for spesifikt. Vi er kjende med at det har komme opp alternativ. Då må vi som politikarar vere opne for det, seier Helge Robert Midtbø (Ap) i Førde planutval.
Sunnfjord Utvikling har laga framlegg til ein strategisk næringsplan for Sunnfjord. Denne blir i desse dagar lagt ut på høyring i Førde, Naustdal, Jølster og Gaular.
Viste til bystyrevedtak
I Førde planutval haustar planen mykje ros, for å vere sjeldan konkret i målsettingane sine. På eitt punkt meiner derimot eit samla planutval at den strategisk næringsplanen går for langt. Omtalen av Nordic Mining, og «prosjektet» i bestemt form, er for mykje å svelge for særleg Ap og SV.
– Meg kjent er det eit vedtak i Førde bystyre mot sjødeponi, seier Midtbø, som ville vedta likebehandling av aktørane og dei ulike prosjekta.
– Det har provosert meg veldig at Nordic Mining er nemnt, og at ein skal ha spesielt tett kontakt med dei. Eit stort fleirtal i Førde er imot sjødeponi, då kan vi ikkje la næringsselskapet gå aktivt inn for det, i alle fall ikkje når ein annan aktør kanskje kan få dette til på ein berekraftig måte, seier Helge Schei (SV).
Vanskeleg å endre før høyring
Gunn Merete Paulsen (V), som ikkje er tilhengar av sjødeponi, meiner derimot at det er naturleg at næringsselskapet jobbar tett med Nordic Mining, for å gjere det beste ut av situasjonen, når det ein gong er slik at Nordic Mining har utsleppsløyve og no har ein søknad inne om driftskonsesjon.
– Eg er usikker på om det er føremålstenleg å gli inn i den debatten. Det som blir sagt her er at vi ønsker likebehandling, så har ein kanskje ulik inngang til å meine det. Det er eigentleg ei ikkje-sak, seier ein diplomatisk Olve Grotle (H), som kan vere med på ei generell formulering om likebehandling.
Venstre og Senterpartiet synest også det er vanskeleg å gjere endringar i ein plan som er laga av Sunnfjord Utvikling før han blir lagd på høyring, og særleg fordi planen skal på høyring i fire kommunar.
Administrasjonen støttar dette synet, og Ap, SV og KrF går med på at dei i staden kan legge planen ut på høyring med eit politisk signal. Dette blir alle i planutvalet med på.
Til slutt ligg det to framlegg til vedtak på bordet. Begge inneber at planutvalet ønsker selskapsnamnet Nordic Mining ut av planen, eventuelt at andre aktørar blir nemnde på lik linje.
Vestland Ap trekte punkt om gruveavfall. Ventar omkamp på årsmøtet
Vil ha likebehandling
Venstre: Planutvalet ønsker ikkje at enkelte aktørar skal nemnast framfor andre i punktet om mineral.
Ap: Planutvalet vil ha likebehandling av aktørar og prosjekt knytt til mineralutvinning i Engebø. Omtale i tiltaksplanen må tilsvarande justerast.
Framlegget frå Ap får fleirtal med dei fem røystene til Ap (3), SV (1) og KrF (1). Høgre (1), Sp (2) og V (1) gjekk for Venstre sitt framlegg.
Dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling, Rolf Sanne-Gundersen, har tidlegare har sagt at dei ikkje ønsker å favorisere nokon, og at dei også har kontakt med Arctic Mineral Resources. Dei som røystar for Venstre sitt framlegg, meiner derfor at Ap sitt framlegg er ein unødvendig kritikk mot næringsselskapet.
Høyringa blir til slutt samrøystes lagt ut saman med kommentaren formulert av Ap.

Rapportér innlegg

Vennligst skriv inn kommentar på hva du mener er upassende og trykk send. Dersom kommentar ikke er nødvendig, vennligst trykk send direkte.
E-postadressen brukes kun for å få kontakt med deg i forbindelse med advarselen.
E-postadressen brukes kun for å få kontakt med deg i forbindelse med advarselen.