Grønne aksjer

Stabukk
15.01.2022 kl 10:08 8283

Takk både Sa2ri og Solerbra! Kursmål 27 frå Arctic Securities er basert på «80% sannsynlighet for at ML gjenåpnar». Med Hanwha inne i styret vil nok restart-meldinga komma raskt, sei innan 3 mnd. Då er gjenåpning 100% sikker, og vi får ein ca. dato eller kvartal.

Vi får også vita ca. utnyttingsgrad. Tar Hanwha sjølv ca. 50%, er mitt tips at ML driftar med 70% kapasitet i 2023, full produksjon i 2024.

Med Arctic sin argumentasjon bør kursmålet litt opp når meldinga om restart er levert.

KURSMÅL er ein ting, KURS i Rec noko heilt anna! Er vi ikkje over 20 kr i løpet av året, er eg mest sannsynlig ute av denne aksjen.

Kan henda må Røkke og Aker forsikra Hanwha om at dei IKKJE har kjøpt «katten i sekken». Toppsjefen i Korea eller styret vil kanskje stilla spørsmål når dei ser at kursen ligg 4 kr under det dei pungar ut med. Men alt tyder på at Hanwha har klare planar og går inn i Rec med klare mål.

Per dagens kurs står 1 aksje i 1,8472 US dollar, ein markedsverdi på 6 mrd. kr. Kursen må over 35,08 for å vera i nærheten av 4 dollar, visstnok minstekrav for US notering. (Dette forandrar seg litt når Hanwha sine nye aksjar kjem med) Vi kan jo håpa og stola på Morgan Kane sin «garanti» siste par åra: Kurs 42,50 kr! Kanskje i 2024? Med Rec, Aker og Hanwha sine ambisjonar og planar i USA, går det an å vera optimist. Og notering på Wall Street kan vera naturleg for å sikra tilgang til meir kapital for «Rec Expansion, som er på saklista hjå kommunestyret i Moses Lake.. Husk også at Yngve Slyngstad er utnevnt til GEO for Aker Asset Management. Derfrå kan det også komma pengar til Rec si satsing.

Beklagar lang kommentar og lykke til i Rec!

Rapportér innlegg

Vennligst skriv inn kommentar på hva du mener er upassende og trykk send. Dersom kommentar ikke er nødvendig, vennligst trykk send direkte.
E-postadressen brukes kun for å få kontakt med deg i forbindelse med advarselen.
E-postadressen brukes kun for å få kontakt med deg i forbindelse med advarselen.