Shipping

jadden
25.01.2022 kl 12:23 7550

Ja det er langt fram til det "grøne skiftet" innan skipsfart, og kanskje transport i det heile. Mest aktuelt i Noreg er ammoniakk og hydrogen, Sintefforskarar kallar ammoniakk eit "guffent" stoff, ikkje vanskeleg å vera einig i det.
Blant dei største utfordringane i det såkalla grøne skiftet ligg tilgongen på mineralar og ulike metaller. Allereie er det manko på litium, kobolt, nikkel samt fleire andre av edel sort. Som Jan Banan skriv må koparproduksjonen aukast til langt over dagens for å stetta etterspurnaden.

Og all elektrifiseringa treng straum, reknar med de har høyrt om støvsugardirektivet i EU? Det vart innført for nokre år sidan, men gjekk stille for seg. EU-byråkratane oppdaga at straumnettet i dei store EU-byanae hald på å knela då støvsugarane rundt i dei tusen heimar vart fyrt i gong mest samstundes på føremiddagen, nettet hadde ikkje kapasitet. Løysinga vart å forby å selgja støvsugarar med meir effekt enn 900 watt, dei gamle hadde opp mot 2200 watt. Støvsugardirektivet gjeld også i Noreg, berre gå i butikken og prøv å kjøpa støvsugar større enn 900 watt. Det er same nettet som no skal levera lading og framdriftsenergi til EU´s millonar elbilar.
Nei det blir lenge til med få sjå konteinerskip fara frå bøye til bøye for å lada batteria. Eg ser for meg batteri på fleire hundrede tonn full av edle metallar, lading ein dag, gange neste. Det blir mange heftige dagrater av slikt, spennande når Maersk skal testa prototypen.
MPCC sine farty vil stiga i pris etter kvart som det ikkje blir bygt nye i påventa av det nye vindunderdrivstoffet, dei må halda ut i mange år enno. Me får håpa at rusten ikkje tek dei slik at skrapverdien blir redusert.

Rapportér innlegg

Vennligst skriv inn kommentar på hva du mener er upassende og trykk send. Dersom kommentar ikke er nødvendig, vennligst trykk send direkte.
E-postadressen brukes kun for å få kontakt med deg i forbindelse med advarselen.
E-postadressen brukes kun for å få kontakt med deg i forbindelse med advarselen.