Gull og gruve

reid-han
18.06.2019 kl 12:29 2991

ERSTATNING: Tore Viana-Rønningen, dagleg leiar i Arctic Mineral Resources, vil krevje erstatning frå Naustdal kommune dersom kommunen legg band på ressursar han meiner tilhører selskaept. Beløpet kan komme opp i ein milliard kroner, skriv dei. Tore Viana-Rønningen, dagleg leiar i Arctic Mineral Resources, vil krevje erstatning frå Naustdal kommune dersom kommunen legg band på ressursar han meiner tilhører selskaept. Beløpet kan komme opp i ein milliard kroner, skriv dei.
Dersom Naustdal kommune vedtar den nye planen for Engebø, slik Nordic Mining vil ha den, vil konkurrentane i Arctic Mineral Resources krevje milliarderstatning frå kommunen.
– Ei detaljregulering, som føreslått av Nordic Mining, vil påføre AMR betydeleg økonomisk tap og skade.Det skriv Arctic Mineral Resources (AMR) i sitt høyringssvar til den nye planen for Engebø. Etter fleire rundar vart reguleringsplanen for mineralverksemd i Engebøfjellet i Naustdal vedtatt i kommunestyret i 2011. I 2015 vart han endeleg godkjend av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. No er det detaljreguleringa som er til behandling i Naustdal kommune. Nordic Mining (NOM) manglar avtalar med grunneigarane på vestsida av fjellet, men dette området er likevel regulert i planen som no er til behandling.AMR meiner den nye planen vil føre til ei ulovleg bandlegging av deira ressurs. Dette gjeld mellom anna ei omregulering frå gruvedrift til veg, i eit område som AMR meiner å ha rett til å drive fordi dei har avtale med grunneigarane.
Utfordraren krev at Engebø-reguleringa blir sett på vent . Kan krevje ein milliard. Ei slik bandlegging av ressursar vil selskapet krevje erstatta av Naustdal kommune. – Det same gjeld ein kvar verknad av detaljreguleringa som kan komme til hinder for AMR si planlagde verksemd, står det i skrivet.AMR har berekna at det erstatningskravet kan utgjere rundt éin milliard kroner, for det området som er råka av planen. Dette skal vere rekna ut frå ein noverdi av verksemda. – AMR har detaljerte budsjett for si planlagde verksemd, som er kvalitetssikra av forskjellige samarbeidspartnarar. Ein eventuell strid om tapets storleik vil i hovudsak handle om berekninga av noverdien, skriv selskapet, og peikar på at NOM også har gjort ein del berekningar av noverdi som kan legge føringar for kva som er det rette talet. Selskapet viser vidare til ei kommentarutgåve av Plan- og bygningslova, som seier at det må vere eit kvalifisert inngrep i eigarinteressa til grunneigarane, for at kommunen skal ha erstatningsansvar når dei vedtar nye planar. AMR meiner granatressursen er drivverdig åleine, og at grunneigarane etter lova har retten til å drive på eigne ressursar. Derfor må ei bandlegging av ressursen vere eit kvalifisert inngrep i eigarinteressa.
Kommunen legg inn høggir – kan bli gruvegodkjenning før valkampen strid om rettigheiter. Dersom NOM ikkje får sirka seg avtalar med grunneigarane på vestsida, er planen å ekspropriere. Det kan dei etter lova, fordi dei har rett til å vinne ut rutil, men lova seier også noko om grunneigarane sine rettar. NOM har rett til å vinne ut rutil, som er statens mineral, men har ingen avtale om granat, som er grunneigarane sitt mineral. Spørsmålet er om granaten på vestsida er drivverdig åleine. I så fall meiner det nyetablerte gruveselskapet AMR, som er deleigd av grunneigarane, at grunneigar sin rett til å drive på granat kjem først. Dette spørsmålet er det Direktoratet for mineralforvaltning som skal ta stilling til. Svaret vil komme i forbindelse med behandlinga av NOM sin konsesjonssøknad, der dei har søkt om å få drive på rutil og granat utover det området dei har avtalar for.
Ei utfordring for detaljreguleringsplanen, er at den blir vedtatt før Direktoratet for mineralforvaltning har avgjort spørsmålet om kven som skal få konsesjon på kva område.
Høyringsfristen for detaljreguleringsplanen er ute, og Naustdal kommunestyre skal gjere vedtak i saka før sommaren. Utval for plansaker skal seie sitt allereie torsdag 20. juni.

Rapportér innlegg

Vennligst skriv inn kommentar på hva du mener er upassende og trykk send. Dersom kommentar ikke er nødvendig, vennligst trykk send direkte.
E-postadressen brukes kun for å få kontakt med deg i forbindelse med advarselen.
E-postadressen brukes kun for å få kontakt med deg i forbindelse med advarselen.