Hele DFS-dokumentet

Enim-20
NOM 15.05.2020 kl 11:08 1095

Hei, interessant selskap, men finner ikke hele DFS dokumentet. Er det tilgjengelig?
_HH_
15.05.2020 kl 11:29 1064

Hei
Nei det blir ikkje delt med offentlegheita pga konkurranseomsyn i forhold til AMR.
Oppsummeringa finn ein på NOM si side.

Redigert 15.05.2020 kl 11:29 Du må logge inn for å svare
Enim-20
15.05.2020 kl 11:54 1041

Uten DFS, hvordan gjøre en kritisk vurdering av risiko?
Slettet bruker
15.05.2020 kl 12:04 1021

Les hele oppsummeringen først du. Den omtaler risiko i omfattende ordelag.
_HH_
15.05.2020 kl 12:21 991

Du har PFS som du kan gå utifra og sjå kva oppdateringar som har kome i forhold til denne. Dersom du ikkje har lest den kan du byrja her. Det kjem også an på kva risiko du er ute etter å vurdere. DFS er eit teknisk dokument og ein bør ha erfaring, kompetanse eller vere spesielt interessert i gruvedrift for å lese den. Bankane og andre aktuelle partnarar får den utlevert slik at dei kan få verifisert innhaldet. Dersom du er skeptisk til risikoen i prosjektet kan du vente og sjå om nokon bankar vil gje dei lån. Da har dei verifisert innhaldet og er nøgd med risikoen.

Enim-20
15.05.2020 kl 13:06 950

Ser at NOM har en strategi om å ikke lånefinansierte.
Da må mann vente lenge på den avklaringen.
Ellers så foretrekker jeg å gjøre mine egne vurderinger av risiko i hver del av prosjektet og da trengs hele rapporten.
_HH_
15.05.2020 kl 13:27 911

Den strategien gjelder er fram til byggjefinansiering. Dei har ikkje planar om å hente 2 milliardar i emisjon. Byggjefinansiering er neste steg og NOM har venta på DFS for å ha noko grunnlag å be om byggjefinansiering på.

Ein bør alltid gjere eigne vurderingar, men dei fleste selskap har konkurransesensitivinformasjon som ikkje vil vere tilgjengeleg for privatpersoner å vurdere. Delar av DFS rapporten er derfor ikkje publisert.

Elles kan ein informere om at NOM får utlevert store delar av boreprøvane som var til oppbevaring hjå NGU i Trondheim (delar av boreprøvane fra 95-98). Det kom på facebooksida til NOM i går.
Det betyr at AMR ikkje får så lett tilgang til desse, utan at NOM har kontroll på det. Utan tilgang på boreprøvene kan heller ikkje AMR forsøke å stable på beina eit truverdig alternativ. Dei vil ha for dårleg data på granatressursen på Vevringsida. Fokuset i NOM sine rapportar har vore på dagbrotet og området i umiddelbar nærleik. Som kjent bruker AMR berre NOM sine rapportar og er ikkje finansiert for å gjere eigne studiar anna enn av symbolsk verdi, i eit forsøk på å framstå som eit seriøst mineralselskap.

Redigert 15.05.2020 kl 13:50 Du må logge inn for å svare