Awilco og LNG-markedet mot 2025

Lynmann
31.03.2022 kl 23:09 84060


Konfirmanten fekk ikkje pengar i fjor, men noko mykje betre - aksjar i Awilco - til kurs 2,87. Delvis er det den innsiktsfulle delen av forumet å takka for dette. Første kjøp kom før sommaren på kr. 1,95. Mange takk!

Denne tråden er eit forsøk på å samla faktabasert informasjon. Respekt for profesjonelle analytikarar skal ein ha, men også dei tek feil. Heller ikkje analytikarar kan spå vinterværet i Asia. Når det gjeld den kortsiktige utviklinga i LNG-markedet, er FLEX LNG med sine 13 skip ein verdifull indikator. For den som pushar hardt på dagleg basis – aksjonærane i ALNG må vera dei mest nervøse på heile børsen - er det verdt å følgja med på korleis New York avsluttar dagen. www.barrons.com/market-data/stocks/flng

For oss vanlege folk, kjem ein langt gjennom å følgja Fearnley sine oppdateringar på vekesbasis.
Fearnleys Weekly Report (fearnpulse.com)

Det var den som løfta begge aksjar kl. 15.30 i dag. Under pågåande kontraktsforhandlingar for leiinga i Awilco, må det vera fantastisk å få stadfesta nivået på vel USD 100.000 pr dag!
Spørsmålet er: Kva forutsetningar må slå inn før ALNG når 10 kroner? Selskapet må vurderast til 1,3 milliardar kroner - dette for eit selskap med ei (tidlegare) problematisk milliardgjeld.
DividendYield
30.07.2022 kl 18:56 3674

Javel?

Takk Lynmann for gode og informative innlegg. Jeg er en av de 200 leserne som følger innleggene dine med stor interesse😉
Lynmann
30.07.2022 kl 00:19 3733

...sorry, slutten ramla ut her...


• Freeport statement 30.juni: «Currently, it is estimated that the resumption of partial liquefaction operations will be early October 2022. With commencement of such operations, we expect to be able to deliver substantially all baseload production volumes. At this time, we continue to target year-end for a return to full production.

• Calcasieu Pass: «the remaining six trains (T13-T18), with a total capacity of 3.8 MTPA, are "set to come online by the end of 2022." (IGU World LNG report – juli 2022)

U.S.liquefactioncapacity.xlsx (live.com)

4 tapte frakter pr veke, me snakkar raskt 80 tapte skipningar, 5-6 millionar tonn i 2.halvår.

Summa summarum USA:
Med 5-6 MT tapt frå Freeport i 2.halvår, er 10.5 Bcf/d som eit gjennomsnitt for eksporten i heile 2022 eit realistisk estimat.
www.igu.org/resources/world-lng-report-2022/

Kompenserar verdenslaget med 8-10 ekstra MT i 2. halvår, snakkar me om ekstra frakt for våre båtar på 2 til 5 MT. 30-75 lass. Dette er noko meir enn komande 15 nye skip i markedet i 2.halvår håndterar, dessuten kjem ikkje alle desse i drift i starten av halvåret. Meir viktig: Overkapasiteten i starten av dette halvår er meir enn stor nok til å håndtera desse 30-75 turar.

Så folkens, konklusjonen vedr. spot ut året er?
rammern
29.07.2022 kl 21:33 3760

Spot ratene , ut fra Ukraina situasjonen vil fort komme til å doble seg i oktober .
Redigert 29.07.2022 kl 21:56 Du må logge inn for å svare
Lynmann
29.07.2022 kl 21:09 3778

LNG-markedet i 2.halvår 2022

Nye skip, komdemnering, tonn-mil og utvikling av produksjon og marked.

1. Helge, markedssituasjonen er den enklaste å vurdera. Markedet kjøper all gass som er å oppdriva, inklusiv russisk Lng. Prisen på transporten er eit spørsmål om tilbod – etterspørsel. Når vil spot overgå kost?

2. Antal disponible skip
• 57 skip vart levert i 2021, ein vekst på godt over 10%.
• I år vart det levert 7 skip innen mai.
• Aktørane forventar 27-30 nybygg i år. Dermed kan kapasiteten auka med ca. 15 skip i 2.halvår.
• Kun eit skip vart kondemnert i 1.halvår iflg. ein samtale med Clarksons
• Med uendra produksjonstakt i 2.halvår kjempar ca. 15 fleire skip om oppdrag mot slutten av året. I 2023 er desse i første rekkje mht til nye miljøkrav, men får alle frakt på kort sikt? Nei, produksjonen er ikkje stor nok p.t.

Tonn-mil:
Etter gjenopning av Melkøya har ei last gått til Skagen, ei anna til Argentina. Krigaren i Moskva endra mønsteret for trafikken i 1.halvår. Ein stor eksportørar hevda at 3 av 4 leveransar har gått den kortare veien til Europa i første halvår. Mønsteret vil endra seg i 2.halvår, men i kor stor grad?

Av ca. 6.000 skipningar på verdensbasis gjekk 1.053 frå USA i fjor. Ca. 1/6 av ca. 600 LNG-skip måtte til for å ivareta den daglege eksporten på i gjennomsnitt 9.8 Bcf. Ca. 100 skip på kontinuerleg basis.

I første halvår i år ivaretok 568 transportar den daglege eksport på 11.2 Bcf. Halvårsvolumet frå USA er i år håndtert av 6% færre skip samanlikna med i fjor. Det er verdt å notera at brannen ved Freeport er ikkje einaste årsak til den halvert spot. Fungerte den som ein wake-up call for kjøparane av transport? Og kvifor har den ikkje påvirka dei langsiktige ratane?

3. Produksjon

Vekst i utbygd kapasitet er ein ting, faktisk produksjon noko anna.
I det store biletet er det først i 2025 me får den store ekspansjonen i Qatar og USA. Fantastisk at Awilco fekk sikra seg kontrakt for 2023 - 2025!
372 millionar tonn vart frakta i 2021. Som 60-70 anlegg a la Melkøya. Såleis er det heilt uinteressant når ein meglar grunngir heva kursmål med ein tilvekst på 1.2 MT i 2023..

2022: Den totale kapasitet auka frå årsskiftet med 12.5 MT pr 30.april eller 2.6%. Produksjon / leveransar i 2.kvartal var 3% over same kvartal i 2021. I prinsippet var det altså behov for 3% fleire skip enn i fjor; ca. 18 skip ekstra, om me ser bort frå hensynet til tonn-mil.

• In the first four months of 2022, an additional 12.5 MTPA of liquefaction capacity was brought online, bringing the total global liquefaction capacity to 472.4 MTPA as of April 2022.

• In the second quarter of 2022, global LNG trade is estimated up 3% compared to the same period of the previous year. Global LNG supply continued to increase under the impetus of US exports. This growth nevertheless marked a slowdown compared to the first quarter mainly due to lower availability of LNG supply.
Merk at tapet frå Freeport i juni kun utgjorde 15 laster av ca. 3.000 eller 5 promille i første halvår. På tross av den auka kapasitet.
www.cedigaz.org/quarterly-report-q2-2022-international-natural-gas-prices/


2.halvår

Kva er utsiktene for produksjonen i 2.halvår?

Ved starten av 2.halvår er det relativt god balanse mellom ein produsjon som går får fullt inspirert av høge gassprisar – og fraktekapasiteten av LNG. Dvs, der er eit visst overskot på skip, dokumentert ved dei låge ratane pt.

Ein viss vekst i produksjon kan forventast:

Melkøya: 3 MT meir enn leveransane i 1.halvår

Trinidad and Tobago: Veksten i 2.halvår frå Shell sitt anlegg Atlantic LNG: “..has already delivered 51 cargoes, with some 41% shipped to Europe. Despite shortfalls in gas supply, Atlantic is set to exceed the 122 cargoes shipped in 2021, when 21% was delivered to the European market.”

Australia: Chevron sitt store Wheatstone prosjekt aukar produksjonen marginalt i 2.halvår

Mozambique: Onsdag melde Total at på grunn av den interne uro vil dei ikkje starta opp igjen arbeidet med det store anlegget LNG i år (23mtpa, ca. 4 x Melkøya). www.gem.wiki/Mozambique_LNG_Terminal

USA: Mykje handlar om amerikanarane, som helst måler eksporten i Billions; milliardar kubikkfot pr dag. 2021: 9.8 Bcf/d. 1 Bcf/d tilsvarar 7.6 MT - millionar tonn eller ca. 100 lass med våre båtar.

Tidlegare estimerte Energy Information Administration 2022-eksporten til 11.5 Bcf/d. I mai vart prognosen heva til 12 Bcf/d. For oss som ser på 2023 som like rundt hjørnet, er det verdt å merka seg at EIA kun forventar ein marginal vekst til 12.2 Bcf/d. Men:
• U.S. LNG exports increased by 12% in the first half of 2022, averaging 11.2 billion cubic feet per day (Bcf/d). Kjelde: EIA-rapporten som kom i går.
• Freeport statement 30.juni: «Currently, it is estimated that the resumption of partial liquefaction operations will be early October 2022. With commencement of such operations, we expect to be able to deliver substantially all baseload production volumes. At this time, we continue to target year-end for
Redigert 29.07.2022 kl 21:20 Du må logge inn for å svare
Helg11
28.07.2022 kl 17:42 3855

Flott oversikt, her ligger det mye bra arbeid bak!
Avslutningen på Q2 og starten av Q3 er vi enige om blir begredelig. Det tenker jeg analytikerne også samtykker i. Freeport-eksplosjonen var max uflaks for LNG-frakt og Europa og har gitt Putin ekstra muskler i sitt press.
MEN: når Freeport kommer tilbake (delvis i september?) og kuldegradene nærmer seg i Tyskland, da kan det være veldig lukraktivt å frakte LNG igjen. I tillegg bygges det nye eksportfasiliteter for LNG i tillegg til Freeport, gassfrakt til EU kommer til å være høyaktuelt i mange år fremover. Så jeg tror analytikerne ser på dette og at et-årskontrakter fortsatt ligger på 133kUSD/dag (Fearnley). Arctic satte kursmål opp til 8 kr denne uken, og de er kjent med utfordringene i spotmarkedet... Pareto hintet i juni på at man kunne se på et kursmål over 10kr hvis de fikk sluttet det siste skipet på fast kontrakt. Vi får se vi får se. Jeg sitter hvertfall "stille" i båten en stund til.
Lynmann
28.07.2022 kl 17:29 3841

Takk til 200 lesarar for interessa.
Ein morsom problemstilling vedr. gasslagring i Europa:
Utenfor England ligg ein full grekar.., klar for levering til gasstankar med kapasitet 9.7 TWh. «Problemet» er at engelske lager allerede er fyllt med 9.3 TWh, 95,5 prosent fyllingsgrad, og har ikkje plass til ein liten TWh frå denne grekaren!

EU har auka sine lager med 2.5 prosentpoeng til 67,5 prosent. Frå 722 TWh til 750 TWh.
Ref.: Gas Infrastructure Europe - AGSI+ (gie.eu)

Fearnley bekrefta dårlege ratar i dag med 42.000 dollar, ned usd 3.000 / dag for «West of Suez».
Etter brannen ved Freeport i juni gjekk 3 leveransar tapt pr veke og halverte raskt spot. Det ramma våre båtar hardt. WilForce ligg utenfor Spania 80 dagar etter siste levering til Japan 8.mai.
Capt. Pragg på WilPride har gjort det betre etter levering i India 28.mai. Etter last frå Nigeria 18.juni til Kuwait 8.juli ligg båten no i ro utenfor Malaysia på 20. dagen.

Eksplosjonen 8.juni gjekk ikkje berre ut over våre båtar. Status for aktivitetsnivået kan illustrerast ved bakteppet 6 båtar dannar (ikkje heilt tilfeldige fordi dei var alle i Gulfområdet):

- Cool Runner: Max uflaks som første båt i kø før eksplosjonen ved Freeport. Fekk umiddelbart kapra eit oppdrag frå Melkøya. Til Bretagne 13.7. No: To veker uten oppdrag.

-LNG Sakura sveiv rundt i Gulfen og fekk last i Sabine Pass for Bretagne - men ikkje før 8 veker etter ankomst.

- British Sapphire fekk den siste lasta ut frå Freeport 6.6 med ein liten to dagars tur til Mexico. Gjekk vekesvis i Gulfen før den sette fart mot Gibraltar. Status: Usikker (draft 10.2 meter = ingen varer i sekken)

-Greske Yiannis venta 3 veker på last 11.7 frå Cameron. Status: I ro fullasta utenfor England. Status: “For order”

-Maran Gas Amorgos sveiv rundt 4 veker før last 10.7 frå Corpus Christi. Klar for lossing i Italia.

-Og endeleg Meth. Heather Sally, fullt belagt med last frå Cameron 27.6 til Argentina og no tilbake i gulfen til ventande oppdrag.

Variert bakteppe, men som også våre to båtar illustrerar kan ein forstå kvifor ratane er svært dårlege for tida. Såleis er det positivt at eit-års kontraktane held seg stabilt på eit høgt nivå. Fantastisk at Awilco fekk den flotte 3-års kontrakten!

Etter den flotte nettoen i fjor på USD 21.2M indikerte eg forrige veke eit nullresultat for Awilco i år. Pr. utgangen av juli i fjor tilsvarde 21.2M ein netto pr. 31.juli USD 12.4M. Samanlikna med i fjor og raten på usd 78.000 pr dag er det allerede barbert heile 10 millionar dollar bort frå fjorårsresultatet.

Herav:
-WilForce med 80 tapte innseglingsdagar etter levering i Japan 8.mai. 80 dagar i Q2 og Q3 reduserar fjorårsresultatet med over usd 6M.
-WilPride har 10 tapte dagar i Q2 og 20 tapte dagar sålangt i Q3. Med i sum 30 dagar utan oppdrag og 30 dagar med antatt rate på usd 55k, tilførde båten selskapet ca. usd 1,7M - ca. usd 0,7M under fjorårsraten.
Relativt 2021 er bidraget frå WilPride sålangt vel usd 3M lågare.

Når kalenderen måndag viser 1.august og ferieslutt ligg det altså an til eit bidrag til 2022-resultatet ca. usd 10M under fjoråret. Dermed sluttar vel også dei største optimistane å fabla om utbyte i 2022?

Men det sluttar ikkje her. Det er absolutt grunnlag for å diskutera realismen i eit lite underskot i år.
Forutsetningane er:
-Ny langtidskontrakt a la den første med start i desember og 90k/dag.
-Rate på usd 43.000 pr dag ut november; 1.000 dollar over dagens
-60% belegg i perioden august t.o.m. november (båtane segla inn over usd 18M i fjor)

Urealistiske forutsetningar?
Siste to mndr har det vore kun utgifter i 90 av 120 seglingsdagar; kun 25% av dagane var inntektsbringande.
Ein liten sensitivetsbetraktning frå amatøren:
Ga turen til Kuwait 10.000 dollar meir enn dei antatt 55k, betrar dette 2022-resultatet med usd 0.3M
For perioden august og ut november vil kvar 1.000 dollar høgare spot betra 2022-resultatet med usd 144.000 dollar. 10.000 høgare rate må til for å endra eit lite underskot til eit lite overskot.

Ekspert Helge får finrekna på dette på eit av hans eminente Excel-ark. Men uansett om Awilco skulle enda opp med eit marginalt overskot i år, er det heilt hinsides av analytikarane å sjå bort frå den enorme nedturen selskapet får både i Q3 (ned frå netto usd 5.1M i fjor) og for heile 2022.
Me får trøysta oss med at biletet vert svært bra når kontrakt #2 er på plass.
Lynmann
22.07.2022 kl 11:02 4033

EU fyller langsomt opp sine lager og har heldigvis nådd 65 prosent (England 93 prosent ved hjelp av russiske leveransar) -på veg til eit mål om 80 innen hausten. Dette er kun mogeleg fordi Kina profiterar stort på å selgja kontraktsgass til Europa.

Utsiktene er ikkje gode for vinteren. Når den økonomiske aktiviteten i Kina tek seg opp igjen etter pandemien, vil ikkje Europa få denne gassen. 722TWh på lager i EU p.t. tilsvarar kun noko slikt som 5-6 norske årsproduksjonar frå norske vannmagasin.

5 veker etter brannen ved Freeport leverte EIA ny vekesrapport i går.
www.eia.gov/naturalgas/weekly/archivenew_ngwu/2022/07_21/

I gjennomsnitt har det gått ut 19 båtar pr veke mot 23 som gjennomsnitt for første halvår. 77 båtar fire siste veker mot 94 dei første fire vekene i år. Går reparasjonen ved Freeport som planlagt, går 50 utskipningar tapt i andre halvår. Når dei seier «full capacity by the end of the year» kan endå fleire gå tapt. Prisane på gass vil gå i taket, svært dårleg for Europa, plenty med båtar disponible for denne transporten, men lite ekstra gass å oppdriva før slutten av året.

Onsdagsrapporten til Fearnley bekreftar dette biletet gjennom begredelege ratar på 45 og usd 50k pr dag for henholdsvis vest og aust for Suez for store skip, 155-165k CBM. Det var på noværande tidspunkt eg før brannen i Texas var i paradis og såg for meg 100k.

Fersk Bloombergrapport snakkar om nylege avtalar mellom 42 og 49k. Verdt å lytta til:
www.bloomberg.com/news/articles/2022-07-21/russian-gas-supply-fears-intensify-asian-drive-to-buy-winter-lng#xj4y7vzkg
Lynmann
14.07.2022 kl 09:56 4182

HALVÅRSRAPPORTEN

Heldigvis har WilPride fått seg ny tur etter last frå Nigeria levert Kuwait. Det ser ut som om skipet har retning Australia for påfyll.

Om ein god månad kjem halvårsrapporten.
Q2 er ganske enkel matematikk. Eit tap på ca. usd 2M vil gjera innhogg i den fine gevinsten frå Q1 på usd 5.2M. Halvårsresultatet vert altså barbert ned til usd 3M, ned frå usd 15M i 2021.

WilPride hanka som i Q1 inn usd 78.000 pr dag fram til 28.4. Deretter ca. 40 dagar utan oppdrag før turen frå Bonny Island til Kuwait 9.juli. Forutsetning for estimatet: usd 55.000 pr dag.
WilForce oppnådde Q1-raten på 78.000 fram til 9.mai. 50 dagar uten last i første halvår reduserte dermed utnytting av kapasitet i 1.halvår ned mot 75%.
Var Q2 dårleg vert Q3 verre og øydelegg håpet om utbyte i år. I går reduserte Fearnley dessuten dei kortsiktige ratane med nye 1.000 dollar, slik at brannen i Texas no har meir enn halvert spot for “West of Suez”. I går kom omsider også den første nedjustering av eit års kontraktane, marginalt frå 135.000 til usd 133.000 pr dag.

Aramis, WilForce tøffar rundt på 65. dagen; det er berre å sjå framover!
Ut på hausten derimot ligg Awilco godt an til å få ein ny avtale for minimum eit år og med ein rate som dei fekk for 3 år, på usd 90.000 pr. dag. Etter eit resultat for 2022 som det er å forventa ned mot null, -sikrar den inngåtte flotte 3-års kontrakten eit kjemperesultat i 2023. I perspektivet 2023-2025 er Awilco godt posisjonert til å segla inn eventyrlege 700 millionar kroner.
Aramis
11.07.2022 kl 02:07 4345

Flott oversikt, Lynmann.
Har du også en oversikt over hvor Wilpride og WIlforce svimer omkring?
Lynmann
04.07.2022 kl 00:32 4556

14 dagar seinare og kurs 5,75.
Etter eit gjennomsnitt på 23 båtar pr veke ut frå USA før brannen ved Freeport 8.juni, har volumet vore 17-18 etterpå. Med kanskje 60 lass som forsvinn over eit kvartal, kva skjedde med eit 15-tals båtar som var på veg til USA? Slik kan det p.t. sjå ut som om 5 ekstra skip kjempar om 20% færre oppdrag (med alle forbehold).

- Cool Runner. Max uflaks som første båt i kø før eksplosjonen ved Freeport. Fekk umiddelbart kapra eit oppdrag frå Melkøya.
- Meth. Heather Sally gjekk også tomhendt frå USA og sette full fart austover. Interessant!
- LNG Sakura sviv rundt i Gulfen
- Det ser det også ut som om British Sapphire og greske Yiannis gjer
- Maran Gas Amorgos sviv rundt utenfor Florida

Skip med fuel på tanken:

- FLEX RAINBOW fekk lasta i Lake Charles og er på veg til Gibraltar
- FLEX ENDEAVOUR fekk lasta 27. juni og har status OPEN SEA FOR ORDERS
-same status har Golar Snow som gjekk fullasta frå Sabine Pass «FOR ORDERS»
- Gaslog Glasgow går fullasta mot Sør-Europa
- BW Magnolia går fullasta mot Polen
- Marvel Swan fullasta frå Lake Charles mot Panamakanalen
- Stena Crystal er på veg mot Sabine Pass og oppdrag

- LNG Bonny II fekk som eit av 7 skip siste 14 dagar, last frå Point Fortin på Trinidad med kurs Thailand

Trinidad og Tobago var 6. største eksportør av LNG i 2020.
Positivt etter brannen ved Freeport -øydeleggjande for vår kursutvikling over sommaren - er Shell som melder om oppstart av Colibri. Eit halvt Melkøya-bidrag.
www.shell.com/media/news-and-media-releases/2022/shell-trinidad-and-tobago-delivers-first-gas-from-colibri-project.html

"Colibri, when combined with Barracuda and existing developments, will deliver more gas to the Trinidad and Tobago domestic market and the LNG export markets. Shell is a major shareholder in Atlantic LNG. The Point Fortin facility has a total capacity of about 15 million tonnes per annum of LNG but the plant has been experiencing supply issues due to dwindling domestic gas reserves."

Leveransane frå Melkøya har auka i takt:

6.juni: Arctic Voyager tok den 4 dagar lange turen til Skagen
16.juni: Arctic Lady til England (5 dagar)
20.juni: Artic Discoverer til Italia
26.juni Arctic Princess gjekk til Litauen
30.juni: LNG Endeavour går til Argentina
Juli: Cool Runner
Struts
20.06.2022 kl 11:29 4833

Og fra en annen aktør i løpet av helgen rapporteres det også om følgende nybygningskontrakter (på sikt virker troen på LNG ganske formidabel...):

LNG, LNG, and LNG...continue to dominate the newbuilding headlines (because most of the container berths are already booked). This week it was reported that Sinopec (Chinese government owned petrochemical group) and ENN Natural Gas (one of the largest private energy companies in China, listed in Hong Kong) are reportedly ordering LNG newbuildings with separate tenders for a total of up to 15 x 175,000 CBM newbulding vessels to be delivered by 2026.

ENN will reserve berths at domestic and overseas shipyards for 4 option 2 vessels and will then pick Owners to order the vessels while Sinopec has approached Chinese and foreign shipowners that will order the newbuildings with Sinopec taking ownership stakes.
Redigert 20.06.2022 kl 11:29 Du må logge inn for å svare
Struts
20.06.2022 kl 07:05 4932

Et par nybygg rapportert over helgen:

LNG carriers – Capital Gas has contracted two of 174,000 cbm at Hyundai Samho for delivery 1Q 2026, price US$ 240 million each.
Whatnow
18.06.2022 kl 21:36 5126

Blir markedet for dårlig så får de ta en modifikasjon på båtene slik at de kan transportere CO2 istedenfor som så blir fryst til flytende form og pumpet ned i avgrunnen. Dette er vel noe kanskje regjeringen vil bruke penger på :)
Redigert 18.06.2022 kl 22:10 Du må logge inn for å svare
Lynmann
18.06.2022 kl 20:52 5154

Stussar litt på utviklinga siste veke.

• Fredag 10.juni: Awilco annonserar ny langsiktig, lovande kontrakt
• Måndag 13.juni: Me er alle svært så optimistike til utsiktene framover
• Tysdag 14.juni informerar Freeport: "all necessary repairs and a return to full plant operations is not expected until late 2022."
-Dette betyr tap av minimum 60 laster over 3 mndr. Pareto kom med oppgradering av kursmål på morgonen, tysdag
• Onsdag 15.juni: Litt usikker her, men hadde ikkje Fearnley ein første reduksjon for "West of Suez 155-165k CBM" på usd 5.000?
• Torsdag 16.juni: Fearnley reduserar denne ned til usd 60.000 pr dag. På heimesida opererar Fearnley med 13.juni 2AM som tidspunkt for annonsering. Det er vel ingen som har sett at denne reduksjonen på usd 30.000 kom allerede måndag?
• Fredag 17.juni: Børsen sluttar på kurs 6.78, som kursen tysdag formiddag, etter to korte toppar denne veke oppom 7 kroner.

Som Helge påpeikar:
"I følge Pareto har LNG Carrier spot rate (TFDE) gått ned fra 111.436$ forrige uke til 108.508$/day denne uken,"

Med 10-tals ledige båtar i Atlanteren etter brannen i Texas er det diverre Fearnley som me må halda oss til her, med eit fall også i langtidskontraktane som uunngåeleg konsekvens utover. For meg er det svært overraskande at markedet ikkje har reagert på konsekvensen av den alvorlege brannen ved Freeport LNG!

Mest uflaks hadde Cool Runner som var neste båt for lasting i Texas, men som måtte forlata gulfen uten last. Close but no cigar.

På den andre side, nokon positive forhold sett med norske auger:

• 2023 utsiktene er framleis svært gode, på tross av nedtur i resultat for 2022.
• Høegh har sikra seg 10-års kontrakt med Tyskland for to anlegg for mottak av LNG; FSRU. E24.no spekulerar i eit omfang på 8-10 milliardar kroner. I påvente av å byggja landbasert mottak (2025ish) har Tyskland ambisjon om å knyta til seg 4 FSRU for mottak av gass innen utgangen av året, herav også litt forsyning frå Melkøya. Dette kan erstatta halvparten av Putingassen som kom i røyr.
Godt quizzspørsmål dette FSRU; Floating Storage and Regasification Unit. https://hoeghlng.com/fleet/default.aspx
• Det er bra at EU har auka sine gasslager med 30 prosent siste månad. Frå 40 til 52 prosent, med 130TWh, ein norsk årsproduksjon.

Leveransane frå Melkøya er langsomt i gang:

1. 6.juni: Arctic Voyager tok den 4 dagar lange turen til Skagen
2. 16.juni: Arctic Lady til England (5 dagar)
3. 24.juni? Arctic Princess ligg klar for neste last, etter å ha levert kun ei last i heile år; til Sri Lanka frå Gladstone i Australia. (WilForce som no tøffar utenfor Cape Town kom også frå Gladstone, etter å ha levert 5 laster i år)
4. Etterkomande leveranse er det også Høegh LNG som er ansvarleg for, ved Artic Discoverer som kom den kortare vei frå Rotterdam.

Ein morsom sak til slutt.
I 2019 belærde Jens Stoltenberg Donald Trump om kvifor det var riktig å kjøpa gass av Russland. Trump responderte: «No! You are just making Russia richer»
Urix – 16. mars – Energikrise – NRK TV
Lynmann
16.06.2022 kl 19:47 5330

Tre vekers stans i eksporten frå Freeport LNG hadde ingen annen innvirkning på LNGC-segmentet enn 15 Carriers som tuslar inn i Mexicogolfen i dorgefart. Stans på 3 mndr derimot er noko anna. Ikkje ein game changer, men gir umiddelbart 10-tals båtar sjansen til å kjempa om kortsiktige oppdrag. Påfølgjande press på dagsratane slår for Awilco negativt ut for estimatet på nettoen i 2021.

Ein eksplosjon er ikkje "uflaks". Det er sjølvsagt høgst ekstraordinært, men inngår i den vurdering og håndtering av risiko som privat næringsliv står overfor kvar dag. For nøyaktig 3 år sidan vart WilForce påkøyrd på slutten av ein kontraktsperiode. Uflaks sjølvsagt, men selskapet sikrar seg profesjonelt gjennom forsikringar.

Burde selskapet allerede ha inngått ein ny langtidskontrakt for skip #2 som for skip #1?

Slik var det jo "flaks" at Awilco inngjekk 3-års kontrakten før dagsratane no på kort sikt rasar. Flaks? Vil heller kalla det dyktig strategi. Ein god langtidskontrakt for ein båt sikra, mens den andre båten var på veg inn i Atlanteren med høge dagsratar i vente. Perfekt strategi spør du meg; alt anna er etterpåklokskap. Så er det dette med risiko som selskapet kontinuerleg må vurdera. Uflaks med invasjonen av Ukraina?

Nei. Storpolitikk er ein del av selskapet sine rammevilkår. Akkurat som aksjonærane må ta stilling til kva inflasjon og renteutvikling vil betyr for 2023-resultatet. Som vert godt, men eksplosjonen i USA forsinkar utviklinga i aksjekursen for både Cool og Awilco.
Struts
14.06.2022 kl 09:40 5531

Helg, og da våknet til og med FA:!

https://finansavisen.no/nyheter/shipping/2022/06/14/7881740/na-anbefaler-pareto-securities-kjop-av-awilco-lng?internal_source=sistenytt

Eh, uten at det hadde noen positiv innvirkning. Sukk.
Redigert 14.06.2022 kl 10:05 Du må logge inn for å svare
Helg11
14.06.2022 kl 09:23 5538

Jeg liker å snakke via regneark. Hvis du kikker på https://docs.google.com/spreadsheets/d/1Jm2J9YNgA-JweQfkR1zGOdXfOUH4XR-3njFEiY4xsJU/edit#gid=770674917 har jeg nå lagt inn et utkast med 98k/day i kolonne E. Jeg kommer da til net profit 35,5m$ og en P/E på 2,7. Hørte et intervju med Øystein Kalleklev i Flex LNG i går, og han spekulerte i spotrater opp mot 300k/day i høysesong nå på høsten, så da tror jeg 98k/day i snitt blir noe slapt for 2022. Hvis vi tar utgangspunkt i en 1års kontrakt på skip #2 fra desember på konservative 130k/day, vil snitt for 2023 være 110k/day. Bør være realistisk. Da er vi oppe i 44,3m$ i net profit og P/E på 2,1 for 2023. Da kommer kursmålene i tosifret terreng.

ALNG har et fantastisk utgangspunkt med begge skip ledig i tidenes beste marked, utbyttepolicy slår snart inn, samt at man får en post i Cool Co på kjøpet (og mulig sammenslåing som vil gi en ytterlige premium).
Helg11
14.06.2022 kl 09:10 5526

Oppdatering fra Pareto nå på morgenen:
Confirms 3Y TC at USD 90k/day – 1Y TC at USD 130 – 140k/day rumored…
Awilco confirmed a rumoured 3Y TC at USD 90,000/day last week; EV/EBITDA of
5.5x and P/E 3x. Start-up is in December with a ‘leading European LNG importer’
(Enel?) and will include a 2Y option. The company can nominate either vessel,
both are currently trading spot. EBITDA will be USD 26m – meaning ~80% of the
book equity for the vessel (and all the market implied equity) will be paid back on
one firm contract. Broker reports suggest that two-three TFDS also have been
fixed for a year at USD 130 – 140,000/day, which for ALNG would yield 2023
EV/EBITDA 3.5x and P/E 2x, with YE’23 NAV growing to NOK 10.6/sh.
…as activity is picking up – spot and term rates are firming ahead of winter
Activity has picked up in the LNGC market with both term and spot rates firming
further. MEGI tonnage is all but sold out and TFDEs are starting to get fixed in the
East for loadings in the Atlantic, so getting well paid to ballast. Energy security
remains in focus and charterers are looking ahead to a winter market which could
get extremely tight, and with a political push to have capacity available just in case,
they are willing to pay up to fix tonnage forward. Asian gas prices are above
European ones and arb-economics point to an uptick in tonne-mile demand.
Still a levered option – but increased confidence. BUY (HOLD), TP NOK 8.7
ALNG remains a levered option, currently priced at 1.25x NAV with LTV of 75%.
This implies a market value of USD 143m/vessel, in line with COOL which has a
larger and younger fleet. Q2 will be weaker than Q1 for ALNG (around breakeven) but with increased confidence from one firm contract we are comfortable
looking into 2023. Here, the company trades at EV/EBITDA 6x and P/E 4x
assuming one vessel on our spot estimate of USD 70,000/day. We find the
risk/reward attractive, seeing as 1Y TCs are now being done at twice this level
(USD 130 – 140,000/day). We upgrade to BUY (HOLD) and raise our TP to NOK
8.7 (7.1) equal to YE’23 NAV at USD 90,000/day
Struts
14.06.2022 kl 07:40 5577

Hyggelige tall å lese! Men i disse dager så faller alt uansett hvor lukrative avtaler som blir inngått. Men etter regn kommer sol osv.! Trøster meg med at ikke fastlegen avlivet meg i går. Han sa tvert i mot at jeg kunne bare drikke øl! Bra ikke bryggeriene streiker!
Lynmann
13.06.2022 kl 23:58 5623

2021 rekneskapet ga Awilco usd 21M i netto inntekt for 2 skip.

Markedet synest pt ikkje heilt tilfreds med den nye avtalen, som for 2023 – 2025 vil bidra med eit driftsresultat for ein av båtane på usd 26M årleg. Det burde markedet vera svært tilfreds med.

Til frådrag kjem renter og avskrivning på ca. usd 11M pr skip. Mot gode usd 21M oppnådd for to båtar i 2021 vil båt #1 aleine bidra med ein netto på usd 15M årleg. Altså usd 45M over 3 år, mens rentebærande gjeld er på nivå i overkant av usd 100M pr båt, som er 12 år gamal ved utløp av kontrakt.

Reknestykket for båt #1 er basert på usd 91.000 pr dag med litt høgare driftskostnad enn for 2021.

Båt #2 vil for 2023 auka netto inntening med usd 3,6M for kvar usd 10.000 høgare dagsrate. Oppnår båt #2 ein dagsrate gjennom 2023 på usd 130.000 vil selskapet framvisa ein netto på 15+15+10,8 = fantastiske usd 40M. Forward P/E på 2.4 med dollarkurs 9,50 og dagens aksjekurs på 7 kroner. Ned frå ein P/E på 4.6 for 2021 resultatet.

Kva med inneværande år?
Q1 på usd 6M og usd 2M for Q2 kan vera eit brukandes estimat.
Dagsrate på Q1 nivå, usd 78.000, vil gi eit årsresultat på 6+2+6+6= usd 20M.

Kvar usd 10.000 pr dag høgare rate for begge båtar i andre halvår vil plussa på dette resultatet med usd 3.6M.
Dagsrate på usd 98.000 vil gi Awilco ein 2022 netto på ca. usd 27M og ein P/E på 3.6
Kva tenkjer Helge om dette?
Helg11
13.06.2022 kl 10:03 5743

Ja, både Pareto og Fearnley (fearnpulse.com) oppgir 140k/day på 1yr. Hvis de i tillegg kan gå på spot i høysesong til enda høyere rater, så blir dette kanon. At Awilco har begge skip ledig i dette markedet (vs. Cool på 20% ved årsslutt) er jo meget god timing. :-)
Slettet bruker
13.06.2022 kl 09:48 5728

Takk, Helg11! Når Pareto traff på første rykte, kan man jo håpe de gjør det på neste også. To knallsterke kontrakter og spot helt frem til desember, på i alle fall et av de, bør kunne gi SVÆRT gode penger i kassen.
Helg11
13.06.2022 kl 09:08 5757

ALNG: Confirms 3Y TC at USD 90k/day
• During trading on Friday, Awilco confirmed the rumor we wrote about in
Shipping Daily; namely a 3Y TC at around USD ~90k/day. Start-up is in
December 2022 with a ‘leading European LNG importer’ and will include a 2Y
option. According to the company, EBITDA will be USD 26m (implied
EV/EBITDA 5.5x and P/E 3x). A similar contract for the second vessel would
yield EV/EBITDA 5x, P/E 3x and a YE’24 NAV of NOK 10+ in ALNG
• We note that a 1Y TC at USD 130 – 140k/day is rumored for the second vessel
though (implied EV/EBITDA < 4x and P/E < 2x). Assuming start-up in Dec’22
for that as well, we would peg 2023 EV/EBITDA 4x and P/E 2x in ALNG, with
YE’23 NAV growing to NOK 10
(Pareto)
Struts
13.06.2022 kl 07:54 5831

Noen nybygg rapportert over helgen i LNG-segmentet:

LNG carriers – Maran Gas has contracted two of 174,000 cbm at Daewoo, price US$ 233.7 million each, deliveries FH 2026
LNG carriers – four of 174,000 cbm ordered at Daewoo by a Korean consortium comprising SK Shipping, Panocean and H-Line for deliveries FQ 2025 for employment a/c Qatar gas – price US$ 212.5 million; price agreed and berths reserved long ago
Fokus
10.06.2022 kl 00:28 6172

Ja, her har noen behov for å gi gode råd til andre etter at dei selv har solgt seg ut, eller snakke ned selskapet som det også kan beskrives som, så derfor litt motvekt.
Ser vi på inntektssiden er ALNG nær til å oppnå langsiktige kontrakter for sin flåte til US$ 120.000 pr. dag eller mer.
For FLEX kjenner vi til at mange skip går på kontrakter noe under US$ 100.000 pr. idag, og vil fortsette med det i noen år til.
For COOL er vel oversikten noe dårligere, men jeg tror det er lettere å få gode avtaler for 2 skip enn for 8 skip.
Og med kontrakter fra US$ 120.000 kan vi leve godt. Her vil en se både gode utbytte og gjeld som går raskere nedover, som igjen vil påvirke kursen positivt.
Fra dagens kurser har nok ALNG størst mulighet til å oppnå en fordobling i kursen sett mot FLEX (til NOK 14,00 for ALNG mot NOK 520,00 for FLEX).
Jeg tror vi også ser NOK 14,00 for ALNG før vi ser NOK 188,- for COOL, men igjen er det fremtiden som har svaret
Største faren idag ligger vel kanskje i at alle vil strekke strikken lengst mulig for å oppnå best mulige rater, men vi kjenner jo til at noen ganger slitner strikken og det pleier å gjøre vondt, så hvem rammer den denne gangen tro?
Men lykke til alle vi som liker oss i LNG markedet.
Lynmann
09.06.2022 kl 23:59 6155

Entreprenør og dollarmilliardær Michael S. Smith har ikkje hatt nokon enkel reise sidan han i 2002 etablerte seg på Quintana Island, 80 km sør for Houston.
About | Corporate History | Freeport LNG

Eksplosjonen på anlegget til Freeport LNG i går var uheldig og skapar uro i markedet, men betyr ikkje all verdens når året er omme. Ein million tonn mindre LNG enn dei 465 millionar tonn ekspertisen estimerar for 2022, vert henta inn av 2-3 ekstra millionar tonn frå ein annen eksportør (Cheniere) som kjem i gang tidlegare enn forventa med ny produksjonslinje.

www.forbes.com/sites/christopherhelman/2021/06/11/meet-the-bronx-born-billionaire-exporting-americas-shale-gas-bonanza/?sh=5dc805924db7

Frå Freeport på Quintana Island går det ut ca. 5 skip med LNG kvar veke, frå 3 produksjonslinjer som kvar har ein kapasitet a la Melkøya på 5Mtpa.
"An outage for three weeks minimum is a loss of around 940,000 tonnes of LNG. If you took an average cargo size around 70,000 tonnes, that’s about 13 cargoes," said Alex Froley, LNG analyst at data intelligence firm ICIS.
Freeport LNG fire cuts key source of U.S. gas supply to Europe, Asia (yahoo.com)

Kva er konsekvensen av brannen for våre skip, utover den umiddelbare støy i markedet?
Michael Smith sa tidlegare i år at han sende 3 av 4 skip til Europa. Denne andel rapporterar EIA også for den totale eksporten frå USA så langt i år, på tilsaman vel 500 lass. Han sa også at dette vil endra seg litt i favør av Asia til vinteren.

Merk at amatøren i denne tråden har undervurdert effekten av dei kortare reisene til Europa. Når første halvår er passert har USA eksportert over 20 prosent større volum, ved hjelp av kun ca. 5 prosent fleire frakter. Vel 550 i januar - juni, mot 1.050 i heile 2021. I tillegg skal 12-15 nybygg ha kome til i første halvår. Fasit ligg uansett i ratane til Fearnley: usd 18.000 pr dag høgare på spot og usd 40.000 høgare rate for eit års kontrakt, samanlikna med for eit år sidan.

Freeport LNG står for ca. 20 prosent av eksporten frå USA. Europa ser ut til å tapa 10 lass som følgje av eksplosjonen. Kortsiktig har Europa 618 TWh på lager (50% fyllingsgrad i EU), 26 TWh meir enn for ei veke sidan. Konsekvensen kjem likevel til vinteren for fleire millionar europearar som kunne hatt ca. 7 TWh meir til disposisjon. Slik auka markedsprisen på gass umiddelbart i går.

Kundane til Freeport er langsiktige.
“BP, TotalEnergies, Osaka Gas, Japan's biggest power generator JERA and South Korea's SK Gas Trading are listed as the buyers of Freeport LNG cargoes, industry sources said. BP has the largest contract at 4.4 million tonnes per annum through 2040”.

13-15 skip i retning Texas er allokert til Freeport neste 3 veker og kan slakka ned på farten. Dette er ikkje skip som i stor grad kan omdirigerast til andre oppdrag på så kort horisont.

EIA med siste vekesrapport i kveld melder om 5 skip ut frå Freeport siste veke:

“Natural gas deliveries to U.S. LNG export facilities (LNG pipeline receipts) fell slightly this report week, averaging 12.5 Bcf/d, or 0.3 Bcf/d lower than last week. Natural gas exports to Mexico decreased by 1.5% (0.1 Bcf/d).

U.S. LNG exports decrease by one vessel this week from last week. Twenty-two LNG vessels (seven from Sabine Pass, five from Freeport, four from Corpus Christi, three from Cameron, two from Calcasieu Pass, and one from Cove Point) with a combined LNG-carrying capacity of 82 Bcf departed the United States between June 2 and June 8"
SuperSeven
08.06.2022 kl 22:01 6336

Ha en fin reise med COOL! Selv sitter jeg fint rolig i båten med 250.000 aksjer til et snitt på Kr.3,- Dere må gjerne komme å kjøpe oss opp utpå høsten, men billig blir vi ikke!
Lynmann
08.06.2022 kl 15:04 6411

Bra!
Snakkast på Cool-tråden, så kan amatørar som Struts og eg fabla i fred her.
rammern
08.06.2022 kl 13:15 6488

Lytter ikke ,tenker selv så lynmann seiler ut fra eget
Selv 10k i COOL
Selv 0 i Alng
Redigert 08.06.2022 kl 13:18 Du må logge inn for å svare
rammern
08.06.2022 kl 11:46 6545

Det vet du ;) Ikke lat som du har hode i sanden som en struts som vil føle seg sikker ;)
Redigert 08.06.2022 kl 12:31 Du må logge inn for å svare
Struts
08.06.2022 kl 11:37 6566

Solgte litt i går og kjøpte tilbake i dag. Lynmann er ikke den verste å lytte til. Og ALNG har kanskje noen aksjer i Cool.
rammern
08.06.2022 kl 11:21 6601

Uansett ut fra det du kommer med så er COOL nå billigst ,solgte ut ALNG 7,26 da teamet / pris /selskapsstørrelse og utbytte sikkerhet synes bedre på sikt ved å stå i COOL
COOL nå 97,50
ALNG nå 7,34
Redigert 08.06.2022 kl 11:25 Du må logge inn for å svare
Lynmann
07.06.2022 kl 22:08 33686

Energy Information Administration i prognosen 5.mai: “We expect U.S. LNG exports to average 12.0 Bcf/d this year, a 23% increase from 2021.”

Ny månadsrapport i dag reduserte estimatet til 11.9. Dette er rart ettersom Calcasieu Pass 22.mai fekk ei ny ferdistilt produksjonslinje godkjent for eksport. Eit Melkøya-kvantum; 6 Mtpa. 6 millionar tonn pr år. I amerikansk målestokk tilsvarar volumet 0,85 Bcf/d. Ein gjennomsnittleg dagleg flyt på 0,85 milliardar kubikkfot. Denne ekstra mengde var opprinneleg ikkje forventa tilgjengeleg for markedet før i 2023.
U.S.liquefactioncapacity.xlsx (live.com)

Hevar EIA prognosen med 0.2 Bcf/d, tilsvarar det 20 ekstra båtlaster i eit stramt marked.

Gledeleg også med Arctic Voyager som i går la ut frå Hammerfest på den 4 dagar lange turen til Skagen. På 42 timar vart skipet fylt med 140.000 m3. 62.300 tonn. Energimengde som ein liten TerraWatt (0,78TWh), nesten som årsforbruket i Drammen.
Det vart til samanlikning produsert 157 TWh elektrisk energi i Norge i 2021. Forbruket enda på 140 TWh. Gjennom kablane kunne fellesskapet tena 4 milliardar kroner etter eksport av 25 TWh og import av 8 TWh. Netto bistand til Europa: 17 TWh tilsvarande 20 lass med LNG.
www.statnett.no/om-statnett/nyheter-og-pressemeldinger/nyhetsarkiv-2022/det-eksepsjonelle-kraftaret-2021/

Utenfor Melkøya ligg Arctic Lady og Arctic Princess klare. Planen er å senda ut eit skip kvar 5.dag.

Slik kortreist gass til Danmark er ikkje det som gir kursstigning for oss LNG-enstusiastar. Gass skal ikkje vera kortreist. Neste båt til Kina? Hjelpa kjem frå USA. Awilco sine båtar er på veg i den retningen der det er gass å henta, der det er eit lite underskot på båtar.

Så langt i år har det i gjennomsnitt gått ut 23 båtar pr veke frå USA. Dei norske redarane har full oversikt over ein manko i Mexicogulfen, grunnlaget for oppgangen i spotmarkedet på usd 18.000 forrige veke for «West of Suez 155-165k CBM»:
Innen 7 dagars radius frå leverandørane i gulfområdet er det no ca. 50 skip.
Av desse er talet på innkomande fartøy knappe 23. Altså, dette markedet balanserar på strammast mogeleg line. Med dagens toppnotering på 7.72 kunne ein tru aksjonærane visste at utsiktene for Awilco er gode..
I morgon kjem Fearnley med oppdatert fasit: Nye gode ratar for våre båtar.

EIA sitt estimat for 2023: 12.6 Bcf/d
Her har denne synsaren vore for optimistisk, mens EIA pt. er for pessimistiske. Jokeren er uansett dei nye miljøkrav. Altså, ingen grunn til å inngå 3-års kontraktar!
Lynmann
04.06.2022 kl 18:49 34025

Mr. Storheill, the math is very simple, according to our new man in the machine room.
Yes, I will come back to photos and the details your colleagues requested about the game.

For the 2nd half of 2022 our new brazilian simply adds 3,6 million US dollars for every 10.000 dollars exceeding the 2021-rate of 78.200 dollars a day. 2 ships generating an additional 10.000 for 180 days. We already have the Q1 of 6 million and add a couple for Q2. He confirms the calculations of Mr. Fondue and Mr. Helge. A net 2022-income of 31 million dollars is our best estimate as well.

It happened in August.
One of the guys, the steward actually, came across Awilco in Finansavisen. He ended up in one of the forums and by using Google translate he got sufficiently interested and purchased some shares in the company. So did a couple of the other guys and eventually almost everybody are shareholders. On WilForce as well!

The shares have become a social event. Every thursday night at 10pm GMT we gather around the new numbers for US exports, confirming a steady 25 boats a week, expected to increase. The weekly updates from Fearnley have been a joy lately. Our guys have put bets on the date the share will pass 10 kroner for the first time! A minority including the chief claim it won't happen before next year.

The new brazilian is so excited about the prospects that he has promised his wife a larger house in two years.

Mr. Storheill, I have been asked to forward a message on behalf of both crews.

We realize important shareholders in the forum are awaiting the 7 million dollar dividend. Further they are awaiting a nice new long term contract the sooner the better. Some of them even speculate in letting some cooler guys than competent Wilhelmsen to take charge of the company. Forget about them. Don’t let them put pressure on you. The advice of both crews is to not -not- enter a new contract before the end of Q3 at the earliest. There is no reason to accept the very first offer at this time:

• There is more volume coming to the market in 2nd half of the year
• Asia as well as Europe will soon get desperate
• Fearnley rates confirm our ships are on the right path, on the way to the right side of Suez
• At present an overwhelming part of the tonnage is centered around Asia

Just take another look at the May 31st inventories of Europe.
EU countries are at the 48% fill level. Even with 100TWh more than a year ago, this volume is identical to the consumption of the few people living in Norway.
Really, it is time to have is-i-magan as you put it.
-Gas Infrastructure Europe - AGSI+ (gie.eu)

Myself I have promised my father a brand new Polo next summer, please listen to us.
The game? Ask the WilForce boys for details, the ref was totally incompetent. No more lutefisk preaching from the enthusiasts in your office please. Why not fondue next time? Your guys in the office talks about a lovely smelling and delicate fish called rakfisk to be shipped in advance of Christmas. Better be good.
Regards CaptPragg
Redigert 04.06.2022 kl 18:52 Du må logge inn for å svare
FondueForDays
03.06.2022 kl 09:44 34193

Nja, faktisk skal ikke ratene "sykt mye opp" for å kompensere for dette. Da WilForce forlot Oita 9. mai 2022, var 1 Y TC raten på USD 108 000 per dag (i følge Fearnleys). Dersom vi for eksempelets skyld legger til grunn at WilForce kunne fått en ettårs-kontrakt på dette nivået da (som på ingen måte er sikkert), ville bruttoinntjeningen på ett år (fra 9. mai 2022 til 9. mai 2023) blitt USD 39 420 000. Om vi så legger til grunn at WilForce får en ettårs-kontrakt etter at skipet har ankommet Cape Town på USD 120 000 (som er dagens rater i følge Fearnleys), vil skipet for den samme tidsperioden (altså regnet fra 9. mai 2022 til 9. mai 2023, dvs. 320 dager med inntjening og 45 dager idle) oppnå en bruttoinntjening på USD 38 400 000. Dvs. et tap på USD 1 020 000 (men da har jeg altså ikke regnet med de siste 45 dagene med inntjening på USD 120 000 per dag).

Skulle ratene derimot stige med ytterligere USD 5 000 frem til slutten av juni, slik at Awilco lykkes med å slutte en ettårs-kontrakt fra slutten av juni på USD 125 000 per dag, vil WilForce oppnå en bruttoinntjening på nøyaktig USD 40 000 000 for den samme perioden. Med andre ord: Dersom 1 Y TC ratene nå skulle stige med kun USD 5 000 fra dagens nivå (en økning på 4,1%), vil det ha lønnet seg for Awilco å gå 45 dager uten inntjening for WilForce. Og i den forbindelse er det greit å ha i bakhodet at ratene har steget med USD 12 000 siden 9. mai 2022.
rammern
03.06.2022 kl 09:30 34209

Kan si meg delvis enig .Om selskapet ikke kommuniserer godt rundt drift og aksjeutbytte , skapes usikkerhet og slår fort ut negativt for aksjekursen
Sonatrach
03.06.2022 kl 02:42 34332

For et rederi med kun 2 skip er 45 dager idling i et kvartal drepende for TCE. Ratene, for spekulering i ventetid, skal sykt mye opp for å kompensere for 45 dagers uvirksomhet.
Lynmann
02.06.2022 kl 23:59 34391

Utenfor Hammerfest ligg 3 skip med mannskap som har kjeda seg siste kvartal. Dei er neppe blant dei 402 lesarane som har kjempa seg gjennom denne tråden (imponerande, takk!)

• Arctic Voyager. Frå Milford Haven 4.januar.
• Arctic Princess. Frå Dalian i Kina 16.januar.
• Arctic Lady. Frå Revithoussa i Hellas 20.januar.

Etter brannen på Melkøya for halvanna år sidan, var det håp om å få anlegget i drift igjen 31.januar. Støv er skummelt. Høg temperatur i eit filter i ein turbin resulterte i sjølvantenning. Opning vart utsett til mars, så 17.mai, deretter til 23.mai og 27.mai. Imens ventar 3 skip på gass.
Equinor om brannen på Melkøya: – Resultat av flere årsaker (hammerfestingen.no)

Hammerfest LNG skal produsera 6,5 milliardar kubikkmeter årleg, 5 prosent av norsk gasseksport. I tillegg er Equinor påført kostnader gjennom kjøp av gass i markedet for å oppfylla inngåtte kontraktar. Me snakkar 10-tals tapte milliardar.

På andre sida av Atlanteren leverar amerikanarane. I dag bekrefta EIA nye høge tal for eksporten siste veke:
“Natural gas deliveries to U.S. LNG export facilities (LNG pipeline receipts) also fell slightly, averaging 12.8 Bcf/d, or 0.2 Bcf/d lower than last week.
U.S. LNG exports decrease by one vessel this week from last week. Twenty-three LNG vessels (eight from Sabine Pass, four each from Cameron and Corpus Christi, three from Freeport, two from Calcasieu Pass, and one each from Cove Point and Elba Island) with a combined LNG-carrying capacity of 85 Bcf departed the United States between May 26 and June 1"

Denne takten er 30% over gjennomsnittet for 2021.

Utsiktene for våre skip framover:
Høvding Staubo i Cool Company bekrefta denne veke den store optimismen.
«It is extremely limited modern tonnage going into the winter.»
Vidare bekrefta Fearnley fantastiske usd 120.000 pr dag for årskontrakt og heile usd 18.000 høgare spotrate for «West of Suez 155-165k CBM».
Awilco? 2 skip i retning “west of Suez”.
Kan det verta betre? Ja, det vert endå betre. Framhald i neste bolken.