Awilco og LNG-markedet mot 2025

Lynmann
31.03.2022 kl 23:09 61713


Konfirmanten fekk ikkje pengar i fjor, men noko mykje betre - aksjar i Awilco - til kurs 2,87. Delvis er det den innsiktsfulle delen av forumet å takka for dette. Første kjøp kom før sommaren på kr. 1,95. Mange takk!

Denne tråden er eit forsøk på å samla faktabasert informasjon. Respekt for profesjonelle analytikarar skal ein ha, men også dei tek feil. Heller ikkje analytikarar kan spå vinterværet i Asia. Når det gjeld den kortsiktige utviklinga i LNG-markedet, er FLEX LNG med sine 13 skip ein verdifull indikator. For den som pushar hardt på dagleg basis – aksjonærane i ALNG må vera dei mest nervøse på heile børsen - er det verdt å følgja med på korleis New York avsluttar dagen. www.barrons.com/market-data/stocks/flng

For oss vanlege folk, kjem ein langt gjennom å følgja Fearnley sine oppdateringar på vekesbasis.
Fearnleys Weekly Report (fearnpulse.com)

Det var den som løfta begge aksjar kl. 15.30 i dag. Under pågåande kontraktsforhandlingar for leiinga i Awilco, må det vera fantastisk å få stadfesta nivået på vel USD 100.000 pr dag!
Spørsmålet er: Kva forutsetningar må slå inn før ALNG når 10 kroner? Selskapet må vurderast til 1,3 milliardar kroner - dette for eit selskap med ei (tidlegare) problematisk milliardgjeld.
Lynmann
18.08.2022 kl 18:07 2442

I går reduserte Fearnley spot for «West of Suez 155-165k CBM» med usd 14k/dag, oljefondet annonserte ein nedtur på 1.680 milliardar kroner, straumprisen passerte kr. 5,30 i region NO 2, eg køyrde automobil fylt med fuel til kr. 19.73 pr liter og gleda meg over at 300 lesarar slit seg gjennom alt for lange innlegg. Meir viktig- Cool med sine 8 båtar fekk omsider sitt gjennombrot på børsen.

Det var på tide at omsetninga passerte 30 millionar kroner. Kurs 100 kroner gir markedsverdi for Cool på 4 milliardar kroner eller 500 mill pr båt. Med denne enkle målestokken er dei to båtane til Awilco verdsett til 400 mill pr båt. Flex LNG har 13 båtar, verdsett til 18 milliardar. Med Cool-prising hadde Flex hatt ein verdi på 6-7 milliardar. Det handlar om utviklinga i markedet framover. Potensialet er stort, også for Awilco.

Utover vårparten lulla me oss bort i desse høge 6-sifra ratane for langtidskontraktar. Nivået var reelt nok, problemet var at det var så få av dei lange avtalane tilgjengeleg då Awilco var klar for nye engasjement i starten av 2.kvartal. Eg overvurderte markedet – er me i ferd med å gjera det igjen, no som alle piler peikar oppover?

1. Katastrofalt Q3 og 2022-resultat.
Om to veker kjem kvartalsresultat. Etter 21 fine, netto millionar dollar i fjor, seglar Awilco mot eit skuffande tap på mellom 3 og 5 mill usd i år. Den nye kontrakten gjer det enklare å estimera:

• Eit godt Q1 vert truleg utlikna av eit tilsvarande svakt Q2. Dermed kjem rapporten 1.september med eit halvårsresultat i null.
• Nettoen for Q3 endar ca. usd 8 mill under Q3/21.
• Under enkle forutsetningar ser Q4 ut til å enda identisk med Q4 i fjor; usd 5M, slik at året under eit endar på ca. minus 3 mill.

Forutsetningane er basert på:

o WilForce går inn til EU-kontroll på verkstaden med oppgradering av motor, fram til 1.oktober. Deretter 50% belegg i oktober / november til usd 60k/dag før 3-års kontrakten på usd 90k/dag startar i desember. Fortrinnsvis 1.desember.

o WilPride 60 dagar med oppdrag i Q3 og 30 uten. Båten var i oppdrag til 10.juli på antatt 55k/dag og frå 10.august på strålande 110k /dag, eit halvår framover. Ei veke etter den nye kontrakten ventar Capt. Praggnan i det Indiske hav framleis på sine instruksar. Frå Shell?

2. LNGC-balansen

Som hevda er der p.t. ein overkapasitet av skip totalt, noko som først kom til syne etter brannen ved Freeport. Kva med 2023-balansen?

Eit element er halvårsstatistikken frå USA som viste at det var behov for færre skip fordi kvart skip i gjennomsnitt frakta 6% fleire tonn enn snittet for 2021. Kvifor er det slik?

Delforklaring er 7 skip på 125.000 kubikkmeter som gjekk til hogging i fjor. Desse vart erstatta av større skip.

“The average capacity of vessels delivered (excluding FSRUs and ships of less than 50,000 cubic meters) amounted to 174,897 cubic meter”.
GIIGNL2022_Annual_Report_May24.pdf

Året starta altså med ein flåte på 588 LNGC der 53 nye Carriers var store nok til å frakta 50.000 kubikkmeter meir enn den store klassen med gamle skip. 53 nye skip frakta same mengde som 75 gamle skip. Verdensflåten gjekk inn i 2022 med ein kapasitet 10% større enn ved forrige årsskifte.

“Total operational capacity (vessels known to be in service) amounted to 103.0 million cubic meters.”

Iflg. GIIGNL kjem det 32 nye, store skip til markedet i år. Veksten i produksjon og eksport av LNG er svært begrensa fram til 2025, uavhengig av krig, gassprisar og etterspørsel. Sjølv om sluttbrukar må betala meir for gassen, er LNG tilført markedet nærmast ein konstant mengde komande 3 år.

Dette er ikkje heilt riktig fordi USA vil eksportera meir i 2023. 1Bcf/dag tilsvarar 100 lass ekstra, noko 10 båtar i skytteltrafikk den kortare veien til Europa kan håndtera. Samtidig forventar Awilco konkurranse frå 43 nye LNGC neste år. Og så skal me ikkje gløyma at kapasiteten kjem til å auka med ca. 15 skip i dette halvår.

-Amatøren konkluderar dermed med at LNGC-kapasiteten meir enn håndterar veksten i produksjon neste år.

3. Spotmarkedet

Svaret på ovenståande hypotese kjem gjennom nivået for nye avtalar framover.

Det verserar mange prislappar på kostnaden ved å transportera gass. Kven skal ein tru på? Svaret er: Alle; biletet er differensiert.

Fearnley forrige veke:
1 Year T/C 155-165k TFDE: usd 130k/d
East of Suez 155-165k CBM: 45k/d
West of Suez 155-165k CBM: 80k/d

Sistnevnte prislapp hoppa frå 40 til 80k forrige veke. I går ned 14k til 66k/dag.
East of Suez: Først opp til 55k og så vidare til 57k/d.

DNB:
TFDE rates were reported at USD59.4k/day, up 4% on USD57.1k/day compared to last quote.

Clarksons:
• Spot LNG freight rates are expected to exceed $200k/day in the winter of 2022-23
• Last week, LNG spot freight rates increased by 8% to $62,000 per day for TFDE vessels and $105,000 per day for 2-stroke vessels.
• Modern tonnage availability is limited, which is anticipated to underpin stronger rates in September.
• There are a large number of steam vessels anxious to find employment. Freight rates for older steam vessels were as low as $29,000 per day last week.

Desse mange ulike tal er alle reelle. Men Clarksons: Kvifor skal ratane “exceed $200k/day in the winter of 2022-23”?

Det er så enkelt at det handlar om tilbod og etterspørsel innen dei ulike segment. I den store gruppa med gamle skip rapporterar Clarksons ratar under usd 30k/dag. For våre Tri-Fuel Diesel Electric propulsion ships fekk altså WilPride ein flott halvårsavtale til 110k/dag.

4.Miljøkrav

2023 handlar primært om håndtering av dei nye miljøkrav til den tredjedel av flåten som består av gamle skip. Skal dei gå på redusert fart; 12 knop? EU og andre kjøparar av gass klarer seg ikkje uten desse eldre skip i “mange” år framover for å betjena eit spotmarked på 100 millionar tonn.

EU har denne veke fått auka fyllingsgraden på sine lager frå 70 til 75%. Problemet er ikkje om saktegåande skip resulterar i 5 eller 10 ekstra transportdagar for påfyll av lager. Problemet er at der er ikkje meir varer å få kjøpt i butikken.

For eigarar av gamle skip fører nye miljøkrav med lågare maksfart til at overfarten og 5-10 ekstra dagar gir tilleggskostnad på 2-3 hundre tusen dollar. Denne kostnaden er uproblematisk for rederiet fordi den kan overførast på kunden; ein marginal ekstrakostnad for EU-land med desperat behov for å fylla gasslageret.

Så kvifor MÅ prisen på frakt gå opp når det totalt sett er nok båtar i sjøen?

Eksempelvis har polske PGNiG inngått ein avtale med Venture Global om levering frå Calcasieu Pass for fleire tiår. Frå 2023 til 2043. Omfang: 0.5 MTPA. Millionar tonn pr år. Noko slikt som eit lass annakvar månad. Denne transporten vil ta 18 dagar med ein gamal dampar, mot 14 med våre moderne TFDE. Shippingfolk kan sikkert forklara at det er mange variablar inne her i denne type avtale, men MÅ all frakt gå med våre moderne båtar? Nei! Noko 2023 vil illustrera.

Var eg polakken ville eg gjerne sjå på å spara pengar på å hyra eit Rent-a-Wreck. 20.000 dollar bespart pr dag. Pengar det!

Bør ikkje pengefolka her inne spleisa på eit Rent-a-Wreck? Pengane finst og Storheill har folka til å drifta skipet. Tid også, no som kontraktane er i havn for neste halvår!
Lynmann
12.08.2022 kl 09:34 2773

Høgst overraskande oppgang onsdag frå 40 til 80k på spot “West of Suez”.
Ei akutt hending - eksplosjonen – brukte ein månad på å halvera spot. Så publiserte Fearnley dobling nærmast frå ein dag til den neste. Kvifor? Hva skjer a’?

1. I motsetning til Clarksons differensierar Fearnley mellom Atlanterhavsregionen og Stillehavet. Det er verdt å merka seg at spot “East of Suez” gjekk NED usd 2.500 til marginale usd 45k/dag.
Dermed er det framleis grunn til å tru at det er overkapasitet i markedet, i alle fall i det største markedet (East of Suez).

Det er berre ei forklaring på dobling av spot West of Suez: Ein overreaksjon i markedet etter brannen, slik at litt for mange båtar havna på andre sida av Suez. P.t. er det 220 båtar på Atlanterhavssida. Med 2/3 av flåten som seglar på kontraktar 4 år og lengre, var det plutseleg ein manko som ga umiddelbart utslag og dobling av dagsraten.

2. Det ser heller ikkje ut som om Freeport vil korta ned tida til gjenopning:

“Aug 3 (Reuters) - The second-largest U.S. liquefied natural gas (LNG) exporter on Wednesday said it reached an agreement with a federal regulator that will allow it to resume some operations at its Quintana, Texas, plant in October.”
www.reuters.com/markets/commodities/us-regulator-allow-freeport-lng-resume-partial-operations-october-2022-08-03/

3. Gårsdagens EIA vekesrapport:
• Vessels departing U.S. ports:
17 LNG vessels (eight from Sabine Pass, four Corpus Christi, three from Cameron, and one each from Calcasieu Pass and Cove Point) with a combined LNG-carrying capacity of 64 Bcf departed the United States between August 4 and August 10, according to shipping data provided by Bloomberg Finance, L.P.

-Dette svingar frå veke til veke. 17 båtar er 5 færre samanlikna med forrige veke. Snittet i første halvår var 23.
Lynmann
10.08.2022 kl 10:48 2829

Viktig halvårskontrakt
som løfter Q3 med ca. usd 2 1/2 mill. slik at selskapet kan starta Q4 "kun" med ca. usd 12M under status i fjor.
Kjekt å ta feil vedr. Q4!
http://www.awilcolng.no/7413-News
Lynmann
09.08.2022 kl 22:56 2936

Den langsiktige utvikling for våre interesser er definitivt positiv. På kort sikt virkar det som Clarksons er langt meir positive enn Fearnley som opererar med tapsratar p.t.

Mykje knyter seg til oppstarten av Freeport, som vil gi frakt til 20+ båtar pr mnd. avhengig av om destinasjonen er Kina, eller der leveransane går no: Hovedsakleg den kortare veien til Europa. Mange av desse er kontraktsbaserte leveransar til Kina, som no går til Europa på grunn av redusert aktivitet i Kina av hensyn til Covid. Som sagt i forrige innlegg, ser det ut som om Kina -enn så lenge- vil prioritera hensyn til helse framfor økonomisk vekst.

Når er så det viktige Freeportanlegget i full produksjon igjen?

EIA SHORT-TERM ENERGY OUTLOOK 7.JULI:
“We expect LNG exports to average 10.9 Bcf/d in 2022 and 12.7 Bcf/d in 2023. We reduced our forecast for LNG exports in 2H22 as a result of the outage at the Freeport LNG export facility in Texas. Our forecast assumes the facility will return to near full operations in January 2023.”

Freeport melde optimistisk 3.8:
“In the near term, the Consent Agreement includes certain corrective measures, many of which are currently underway, that Freeport LNG is to take to obtain PHMSA approval for an initial resumption of LNG production from its liquefaction facility. Freeport LNG continues to believe that it can complete the necessary corrective measures, along with the applicable repair and restoration activities, in order to resume initial operations in early October. Those initial operations are expected to consist of three liquefaction trains, two LNG storage tanks and one LNG loading dock, which the company believes will enable delivery of approximately 2 BCF per day of LNG, enough to support its existing long-term customer agreements.”

I forhold til kva EIA melde 7.juli, var det interessant med oppdateringa dei kom med i dag, fordi den har betydning for Q4.
“We forecast that U.S. LNG exports will average 10.0 Bcf/d in 3Q22 and 11.2 Bcf/d for all of 2022, a 14% increase from 2021. This increase is the result of additional U.S. LNG export capacity that has come online and Freeport LNG resuming operations sooner than we had initially expected. In the first half of 2022, the United States became the largest LNG exporter in the world. We forecast LNG exports will average 12.7 Bcf/d in 2023”

www.eia.gov/outlooks/steo/

I praksis betyr dette full produksjon frå den nye produksjonslinja til Calcasieu i Q4 og ca. 70% frå Freeport, ca. 15 transportar færre enn full kapasitet pr. kvartal. Lite ift 6.000 årlege transporter, men må inngå i biletet for dei som vil spå spotmarkedet ut året. I tillegg kjem så ca. 15 nybygg ut i markedet i 2.halvår.

Med dagens overkapasitet, ser det ut som om det er best grunnlag for å følgja spotmarkedet slik Fearnley rapporterar det.
Uavhengig av dei lovande langsiktige ratane, er det ingen grunn for kjøparar av frakt å inngå kontraktar usd 30-40k pr dag over det dei må betala pt. Den flotte 3-års kontrakten til Awilco illustrerar dette, med desember som startpunkt for avtalen. Kven vil gi bort ein million dollar på transport pr. mnd? Ikkje Shell, ikkje Total, ikkje…

WilPride ga gass sundag i retning Europa. Til eit verft i Spania? I gjeldande marked er det eit godt trekk av Storhjell å gå for oppgradering av maskineri på begge skip.
Q3 i fjor var strålande for Awilco med ein netto på usd 5.1M, som i dei to foregåande kvartal.
“Net freight income was USD 14.3 million in third quarter 2021”
Med oppgradering av begge skip no, går dermed fraktinntekter på usd 12M tapt - i beste fall.
Når Q3 først endar med stortap, i verste fall 170 tapte seglingsdagar av 180 (i beste fall 140 dagar tapt) er det heller ikkje mogeleg å unngå eit solid underskot for 2022. Då er det likevel ein god strategi med to oppgraderte skip inn i ein tydeleg hard konkurranse om komande langsiktige kontraktar.

Q4: Kan me håpa på to frakter pr. båt og nullresultat i kvartalet før dei betre tidene startar?
Nei. Sjølv ikkje med kontraktsstart 1.desember for begge båtar på usd 90k pr dag og 50% belegg i oktober og november til usd 50k pr dag. Når 2022-resultatet vert presentert i februar, ligg det an til at brannen ved Freeport forverra resultatet med usd 30M samanlikna med 2021. Netto vil ha gått frå +21 til minus usd 10M.
-Det er berre å sjå framover.
Lynmann
03.08.2022 kl 19:07 3122

Kina, EU og spot

Det gjenstår å sjå om kunnskap har nokon verdi, Dividend!
Ein må jo lura på eigne vurderingar når alle analytikarar ser for seg ein fantastisk haust. I dag reduserte Fearnley gåande rate. Igjen. Ned nye 3.000 dollar for «West of Suez» til berre usd 40k pr dag. Ned frå nesten 100k før sommaren. Samanlikna med ein dagsrate i fjor på usd 78k i same kvartal, reduserar dette innteninga dette kvartal med heile usd 11M for ein båt; over halve fjorårsresultatet for Awilco.
Det virkar som om analytikarane legg meir vekt på slike meldingar som frå tunge aktørar som Deloitte;

“the evident shortage of Russian gas deliveries to Europe has led consumers of liquid natural gas (LNG) to furiously seek new supplies, setting off competition between European states and such countries as Japan and South Korea. The latter are reported to be fearful that shortages in Europe will lead to increased European demand for LNG.”

-men krig og elende påvirkar ikkje produsentar som allerede eksporterar max. Budrundar påvirkar prisen sluttkjøpar betalar, fordi der er lite ekstra gass å kjøpa. For transport av LNG derimot, er der p.t. overskot på båtar. Det vil også påvirka Cool Company i 4.kvartal, ettersom dei annonserar at 30 prosent av kapasiteten heng på spotmarkedet. Dagens oppdatering frå Fearnpuls dokumenterar den svake utvikling til fulle.

Me får håpa at WilForce no på 85.dag uten oppdrag nyttar eit av dei mange verft i Spania til å få utført noko nyttig. For kjøpar som søkjer langsiktig transport, er ein blankpussa WilForce ut frå Algeciras sjølvsagt meir attraktiv enn ein båt som skal på nært foreståande EU-kontroll.

På kort sikt stadfestar Awilco indirekte at dei vil gå på eit stort tap i Q3. Fem mill +/- ein mill dollar. Med eit par usd mill tapt i Q2, er det fine overskotet i Q1 på 5 mill nulla ut innen utgangen av Q3.

Ein pessimist kunne også hevda at det er grunnlag for å frykta underskot i Q4:
Ein båt, la oss anta WilForce, er hindra frå gode ratar fordi den nye flotte langtidskontrakten startar først i desember. Er kontraktsstart med usd 90.000 pr dag gjeldande først frå 15.desember, må båten vera booka 100 prosent i Q4, prisgitt som den er dei tapsbringande ratar a la Fearnpulse utover haustsen. Men kva er sjansen for å få to oppdrag i Q4, i eit marked med markant overskot på båtar? 20 ekstra skip ut frå Freeport i Q4 kan sjølvsagt bidra positivt.

Det dårlege markedet gjer heller ikkje unntak for WilPride i haust. I beste fall går 50 prosent av seglingsdagane - 90 dagar for dei to båtane- tapt i Q3. I beste fall.
Kontrakt frå tidleg i Q4 er såleis det einaste som kan berga kvartalsresultatet og 2022 frå underskot. Først i februar 2024 vil Awilco annonsera eit sterkt årsresultat; usd 25-30M for 2023?

-Meir positiv er situasjonen for EU som no har nådd 70 prosents fyllingsgrad på sine lager.
Det er Covid å takka for dette! Kinesarane er ekstremt fokuserte på å unngå ny oppblomstring av corona. Dette går ut over den økonomiske aktiviteten i så stor grad at
“Politburo will stick to “zero-COVID” policy for foreseeable future”
og dei snakkar ikkje lenger om målet om 5.5 prosents vekst i år. Kva betyr det for våre LNG-skip at nokon vestlege kjelder sender utsiktene for BNP ned på 2 prosent?

Mindre kinesisk aktivitet enn forventa betyr at Kina framleis vil la kontraktsfesta gass gå til dei gode (smådesperate) betalarane i Europa. Dermed kan amerikansk kontraktsgass leverast kjøpar på den halve seglingstida – og reduserar behovet tilsvarande for antal skip til å ivareta desse kontraktane.

Kjelder på pandemi, Kina og økonomi:
China: WHO Coronavirus Disease (COVID-19) Dashboard With Vaccination Data | WHO Coronavirus (COVID-19) Dashboard With Vaccination Data
www.china-briefing.com/news/china-coronavirus-updates-latest-developments-business-advisory-part-2/
http://www.rhg.com/research/rethinking-chinas-economic-future/

2. halvår 2022 er snart omme. Ovenståande faktorar spelar ikkje så stor rolle neste år.
2023 handlar om korleis dei nye miljøkrav vil slå ut. Ein ting er sikkert: Våre norske, relativt nye båtar vil ikkje havna bakerst i køen når nye kontraktar skal forhandlast i haust.
DividendYield
30.07.2022 kl 18:56 3382

Javel?

Takk Lynmann for gode og informative innlegg. Jeg er en av de 200 leserne som følger innleggene dine med stor interesse😉
Lynmann
30.07.2022 kl 00:19 3442

...sorry, slutten ramla ut her...


• Freeport statement 30.juni: «Currently, it is estimated that the resumption of partial liquefaction operations will be early October 2022. With commencement of such operations, we expect to be able to deliver substantially all baseload production volumes. At this time, we continue to target year-end for a return to full production.

• Calcasieu Pass: «the remaining six trains (T13-T18), with a total capacity of 3.8 MTPA, are "set to come online by the end of 2022." (IGU World LNG report – juli 2022)

U.S.liquefactioncapacity.xlsx (live.com)

4 tapte frakter pr veke, me snakkar raskt 80 tapte skipningar, 5-6 millionar tonn i 2.halvår.

Summa summarum USA:
Med 5-6 MT tapt frå Freeport i 2.halvår, er 10.5 Bcf/d som eit gjennomsnitt for eksporten i heile 2022 eit realistisk estimat.
www.igu.org/resources/world-lng-report-2022/

Kompenserar verdenslaget med 8-10 ekstra MT i 2. halvår, snakkar me om ekstra frakt for våre båtar på 2 til 5 MT. 30-75 lass. Dette er noko meir enn komande 15 nye skip i markedet i 2.halvår håndterar, dessuten kjem ikkje alle desse i drift i starten av halvåret. Meir viktig: Overkapasiteten i starten av dette halvår er meir enn stor nok til å håndtera desse 30-75 turar.

Så folkens, konklusjonen vedr. spot ut året er?
rammern
29.07.2022 kl 21:33 3468

Spot ratene , ut fra Ukraina situasjonen vil fort komme til å doble seg i oktober .
Redigert 29.07.2022 kl 21:56 Du må logge inn for å svare
Lynmann
29.07.2022 kl 21:09 3486

LNG-markedet i 2.halvår 2022

Nye skip, komdemnering, tonn-mil og utvikling av produksjon og marked.

1. Helge, markedssituasjonen er den enklaste å vurdera. Markedet kjøper all gass som er å oppdriva, inklusiv russisk Lng. Prisen på transporten er eit spørsmål om tilbod – etterspørsel. Når vil spot overgå kost?

2. Antal disponible skip
• 57 skip vart levert i 2021, ein vekst på godt over 10%.
• I år vart det levert 7 skip innen mai.
• Aktørane forventar 27-30 nybygg i år. Dermed kan kapasiteten auka med ca. 15 skip i 2.halvår.
• Kun eit skip vart kondemnert i 1.halvår iflg. ein samtale med Clarksons
• Med uendra produksjonstakt i 2.halvår kjempar ca. 15 fleire skip om oppdrag mot slutten av året. I 2023 er desse i første rekkje mht til nye miljøkrav, men får alle frakt på kort sikt? Nei, produksjonen er ikkje stor nok p.t.

Tonn-mil:
Etter gjenopning av Melkøya har ei last gått til Skagen, ei anna til Argentina. Krigaren i Moskva endra mønsteret for trafikken i 1.halvår. Ein stor eksportørar hevda at 3 av 4 leveransar har gått den kortare veien til Europa i første halvår. Mønsteret vil endra seg i 2.halvår, men i kor stor grad?

Av ca. 6.000 skipningar på verdensbasis gjekk 1.053 frå USA i fjor. Ca. 1/6 av ca. 600 LNG-skip måtte til for å ivareta den daglege eksporten på i gjennomsnitt 9.8 Bcf. Ca. 100 skip på kontinuerleg basis.

I første halvår i år ivaretok 568 transportar den daglege eksport på 11.2 Bcf. Halvårsvolumet frå USA er i år håndtert av 6% færre skip samanlikna med i fjor. Det er verdt å notera at brannen ved Freeport er ikkje einaste årsak til den halvert spot. Fungerte den som ein wake-up call for kjøparane av transport? Og kvifor har den ikkje påvirka dei langsiktige ratane?

3. Produksjon

Vekst i utbygd kapasitet er ein ting, faktisk produksjon noko anna.
I det store biletet er det først i 2025 me får den store ekspansjonen i Qatar og USA. Fantastisk at Awilco fekk sikra seg kontrakt for 2023 - 2025!
372 millionar tonn vart frakta i 2021. Som 60-70 anlegg a la Melkøya. Såleis er det heilt uinteressant når ein meglar grunngir heva kursmål med ein tilvekst på 1.2 MT i 2023..

2022: Den totale kapasitet auka frå årsskiftet med 12.5 MT pr 30.april eller 2.6%. Produksjon / leveransar i 2.kvartal var 3% over same kvartal i 2021. I prinsippet var det altså behov for 3% fleire skip enn i fjor; ca. 18 skip ekstra, om me ser bort frå hensynet til tonn-mil.

• In the first four months of 2022, an additional 12.5 MTPA of liquefaction capacity was brought online, bringing the total global liquefaction capacity to 472.4 MTPA as of April 2022.

• In the second quarter of 2022, global LNG trade is estimated up 3% compared to the same period of the previous year. Global LNG supply continued to increase under the impetus of US exports. This growth nevertheless marked a slowdown compared to the first quarter mainly due to lower availability of LNG supply.
Merk at tapet frå Freeport i juni kun utgjorde 15 laster av ca. 3.000 eller 5 promille i første halvår. På tross av den auka kapasitet.
www.cedigaz.org/quarterly-report-q2-2022-international-natural-gas-prices/


2.halvår

Kva er utsiktene for produksjonen i 2.halvår?

Ved starten av 2.halvår er det relativt god balanse mellom ein produsjon som går får fullt inspirert av høge gassprisar – og fraktekapasiteten av LNG. Dvs, der er eit visst overskot på skip, dokumentert ved dei låge ratane pt.

Ein viss vekst i produksjon kan forventast:

Melkøya: 3 MT meir enn leveransane i 1.halvår

Trinidad and Tobago: Veksten i 2.halvår frå Shell sitt anlegg Atlantic LNG: “..has already delivered 51 cargoes, with some 41% shipped to Europe. Despite shortfalls in gas supply, Atlantic is set to exceed the 122 cargoes shipped in 2021, when 21% was delivered to the European market.”

Australia: Chevron sitt store Wheatstone prosjekt aukar produksjonen marginalt i 2.halvår

Mozambique: Onsdag melde Total at på grunn av den interne uro vil dei ikkje starta opp igjen arbeidet med det store anlegget LNG i år (23mtpa, ca. 4 x Melkøya). www.gem.wiki/Mozambique_LNG_Terminal

USA: Mykje handlar om amerikanarane, som helst måler eksporten i Billions; milliardar kubikkfot pr dag. 2021: 9.8 Bcf/d. 1 Bcf/d tilsvarar 7.6 MT - millionar tonn eller ca. 100 lass med våre båtar.

Tidlegare estimerte Energy Information Administration 2022-eksporten til 11.5 Bcf/d. I mai vart prognosen heva til 12 Bcf/d. For oss som ser på 2023 som like rundt hjørnet, er det verdt å merka seg at EIA kun forventar ein marginal vekst til 12.2 Bcf/d. Men:
• U.S. LNG exports increased by 12% in the first half of 2022, averaging 11.2 billion cubic feet per day (Bcf/d). Kjelde: EIA-rapporten som kom i går.
• Freeport statement 30.juni: «Currently, it is estimated that the resumption of partial liquefaction operations will be early October 2022. With commencement of such operations, we expect to be able to deliver substantially all baseload production volumes. At this time, we continue to target year-end for
Redigert 29.07.2022 kl 21:20 Du må logge inn for å svare
Helg11
28.07.2022 kl 17:42 3563

Flott oversikt, her ligger det mye bra arbeid bak!
Avslutningen på Q2 og starten av Q3 er vi enige om blir begredelig. Det tenker jeg analytikerne også samtykker i. Freeport-eksplosjonen var max uflaks for LNG-frakt og Europa og har gitt Putin ekstra muskler i sitt press.
MEN: når Freeport kommer tilbake (delvis i september?) og kuldegradene nærmer seg i Tyskland, da kan det være veldig lukraktivt å frakte LNG igjen. I tillegg bygges det nye eksportfasiliteter for LNG i tillegg til Freeport, gassfrakt til EU kommer til å være høyaktuelt i mange år fremover. Så jeg tror analytikerne ser på dette og at et-årskontrakter fortsatt ligger på 133kUSD/dag (Fearnley). Arctic satte kursmål opp til 8 kr denne uken, og de er kjent med utfordringene i spotmarkedet... Pareto hintet i juni på at man kunne se på et kursmål over 10kr hvis de fikk sluttet det siste skipet på fast kontrakt. Vi får se vi får se. Jeg sitter hvertfall "stille" i båten en stund til.
Lynmann
28.07.2022 kl 17:29 3549

Takk til 200 lesarar for interessa.
Ein morsom problemstilling vedr. gasslagring i Europa:
Utenfor England ligg ein full grekar.., klar for levering til gasstankar med kapasitet 9.7 TWh. «Problemet» er at engelske lager allerede er fyllt med 9.3 TWh, 95,5 prosent fyllingsgrad, og har ikkje plass til ein liten TWh frå denne grekaren!

EU har auka sine lager med 2.5 prosentpoeng til 67,5 prosent. Frå 722 TWh til 750 TWh.
Ref.: Gas Infrastructure Europe - AGSI+ (gie.eu)

Fearnley bekrefta dårlege ratar i dag med 42.000 dollar, ned usd 3.000 / dag for «West of Suez».
Etter brannen ved Freeport i juni gjekk 3 leveransar tapt pr veke og halverte raskt spot. Det ramma våre båtar hardt. WilForce ligg utenfor Spania 80 dagar etter siste levering til Japan 8.mai.
Capt. Pragg på WilPride har gjort det betre etter levering i India 28.mai. Etter last frå Nigeria 18.juni til Kuwait 8.juli ligg båten no i ro utenfor Malaysia på 20. dagen.

Eksplosjonen 8.juni gjekk ikkje berre ut over våre båtar. Status for aktivitetsnivået kan illustrerast ved bakteppet 6 båtar dannar (ikkje heilt tilfeldige fordi dei var alle i Gulfområdet):

- Cool Runner: Max uflaks som første båt i kø før eksplosjonen ved Freeport. Fekk umiddelbart kapra eit oppdrag frå Melkøya. Til Bretagne 13.7. No: To veker uten oppdrag.

-LNG Sakura sveiv rundt i Gulfen og fekk last i Sabine Pass for Bretagne - men ikkje før 8 veker etter ankomst.

- British Sapphire fekk den siste lasta ut frå Freeport 6.6 med ein liten to dagars tur til Mexico. Gjekk vekesvis i Gulfen før den sette fart mot Gibraltar. Status: Usikker (draft 10.2 meter = ingen varer i sekken)

-Greske Yiannis venta 3 veker på last 11.7 frå Cameron. Status: I ro fullasta utenfor England. Status: “For order”

-Maran Gas Amorgos sveiv rundt 4 veker før last 10.7 frå Corpus Christi. Klar for lossing i Italia.

-Og endeleg Meth. Heather Sally, fullt belagt med last frå Cameron 27.6 til Argentina og no tilbake i gulfen til ventande oppdrag.

Variert bakteppe, men som også våre to båtar illustrerar kan ein forstå kvifor ratane er svært dårlege for tida. Såleis er det positivt at eit-års kontraktane held seg stabilt på eit høgt nivå. Fantastisk at Awilco fekk den flotte 3-års kontrakten!

Etter den flotte nettoen i fjor på USD 21.2M indikerte eg forrige veke eit nullresultat for Awilco i år. Pr. utgangen av juli i fjor tilsvarde 21.2M ein netto pr. 31.juli USD 12.4M. Samanlikna med i fjor og raten på usd 78.000 pr dag er det allerede barbert heile 10 millionar dollar bort frå fjorårsresultatet.

Herav:
-WilForce med 80 tapte innseglingsdagar etter levering i Japan 8.mai. 80 dagar i Q2 og Q3 reduserar fjorårsresultatet med over usd 6M.
-WilPride har 10 tapte dagar i Q2 og 20 tapte dagar sålangt i Q3. Med i sum 30 dagar utan oppdrag og 30 dagar med antatt rate på usd 55k, tilførde båten selskapet ca. usd 1,7M - ca. usd 0,7M under fjorårsraten.
Relativt 2021 er bidraget frå WilPride sålangt vel usd 3M lågare.

Når kalenderen måndag viser 1.august og ferieslutt ligg det altså an til eit bidrag til 2022-resultatet ca. usd 10M under fjoråret. Dermed sluttar vel også dei største optimistane å fabla om utbyte i 2022?

Men det sluttar ikkje her. Det er absolutt grunnlag for å diskutera realismen i eit lite underskot i år.
Forutsetningane er:
-Ny langtidskontrakt a la den første med start i desember og 90k/dag.
-Rate på usd 43.000 pr dag ut november; 1.000 dollar over dagens
-60% belegg i perioden august t.o.m. november (båtane segla inn over usd 18M i fjor)

Urealistiske forutsetningar?
Siste to mndr har det vore kun utgifter i 90 av 120 seglingsdagar; kun 25% av dagane var inntektsbringande.
Ein liten sensitivetsbetraktning frå amatøren:
Ga turen til Kuwait 10.000 dollar meir enn dei antatt 55k, betrar dette 2022-resultatet med usd 0.3M
For perioden august og ut november vil kvar 1.000 dollar høgare spot betra 2022-resultatet med usd 144.000 dollar. 10.000 høgare rate må til for å endra eit lite underskot til eit lite overskot.

Ekspert Helge får finrekna på dette på eit av hans eminente Excel-ark. Men uansett om Awilco skulle enda opp med eit marginalt overskot i år, er det heilt hinsides av analytikarane å sjå bort frå den enorme nedturen selskapet får både i Q3 (ned frå netto usd 5.1M i fjor) og for heile 2022.
Me får trøysta oss med at biletet vert svært bra når kontrakt #2 er på plass.
Lynmann
22.07.2022 kl 11:02 3742

EU fyller langsomt opp sine lager og har heldigvis nådd 65 prosent (England 93 prosent ved hjelp av russiske leveransar) -på veg til eit mål om 80 innen hausten. Dette er kun mogeleg fordi Kina profiterar stort på å selgja kontraktsgass til Europa.

Utsiktene er ikkje gode for vinteren. Når den økonomiske aktiviteten i Kina tek seg opp igjen etter pandemien, vil ikkje Europa få denne gassen. 722TWh på lager i EU p.t. tilsvarar kun noko slikt som 5-6 norske årsproduksjonar frå norske vannmagasin.

5 veker etter brannen ved Freeport leverte EIA ny vekesrapport i går.
www.eia.gov/naturalgas/weekly/archivenew_ngwu/2022/07_21/

I gjennomsnitt har det gått ut 19 båtar pr veke mot 23 som gjennomsnitt for første halvår. 77 båtar fire siste veker mot 94 dei første fire vekene i år. Går reparasjonen ved Freeport som planlagt, går 50 utskipningar tapt i andre halvår. Når dei seier «full capacity by the end of the year» kan endå fleire gå tapt. Prisane på gass vil gå i taket, svært dårleg for Europa, plenty med båtar disponible for denne transporten, men lite ekstra gass å oppdriva før slutten av året.

Onsdagsrapporten til Fearnley bekreftar dette biletet gjennom begredelege ratar på 45 og usd 50k pr dag for henholdsvis vest og aust for Suez for store skip, 155-165k CBM. Det var på noværande tidspunkt eg før brannen i Texas var i paradis og såg for meg 100k.

Fersk Bloombergrapport snakkar om nylege avtalar mellom 42 og 49k. Verdt å lytta til:
www.bloomberg.com/news/articles/2022-07-21/russian-gas-supply-fears-intensify-asian-drive-to-buy-winter-lng#xj4y7vzkg
Lynmann
14.07.2022 kl 09:56 3891

HALVÅRSRAPPORTEN

Heldigvis har WilPride fått seg ny tur etter last frå Nigeria levert Kuwait. Det ser ut som om skipet har retning Australia for påfyll.

Om ein god månad kjem halvårsrapporten.
Q2 er ganske enkel matematikk. Eit tap på ca. usd 2M vil gjera innhogg i den fine gevinsten frå Q1 på usd 5.2M. Halvårsresultatet vert altså barbert ned til usd 3M, ned frå usd 15M i 2021.

WilPride hanka som i Q1 inn usd 78.000 pr dag fram til 28.4. Deretter ca. 40 dagar utan oppdrag før turen frå Bonny Island til Kuwait 9.juli. Forutsetning for estimatet: usd 55.000 pr dag.
WilForce oppnådde Q1-raten på 78.000 fram til 9.mai. 50 dagar uten last i første halvår reduserte dermed utnytting av kapasitet i 1.halvår ned mot 75%.
Var Q2 dårleg vert Q3 verre og øydelegg håpet om utbyte i år. I går reduserte Fearnley dessuten dei kortsiktige ratane med nye 1.000 dollar, slik at brannen i Texas no har meir enn halvert spot for “West of Suez”. I går kom omsider også den første nedjustering av eit års kontraktane, marginalt frå 135.000 til usd 133.000 pr dag.

Aramis, WilForce tøffar rundt på 65. dagen; det er berre å sjå framover!
Ut på hausten derimot ligg Awilco godt an til å få ein ny avtale for minimum eit år og med ein rate som dei fekk for 3 år, på usd 90.000 pr. dag. Etter eit resultat for 2022 som det er å forventa ned mot null, -sikrar den inngåtte flotte 3-års kontrakten eit kjemperesultat i 2023. I perspektivet 2023-2025 er Awilco godt posisjonert til å segla inn eventyrlege 700 millionar kroner.
Aramis
11.07.2022 kl 02:07 4054

Flott oversikt, Lynmann.
Har du også en oversikt over hvor Wilpride og WIlforce svimer omkring?
Lynmann
04.07.2022 kl 00:32 4265

14 dagar seinare og kurs 5,75.
Etter eit gjennomsnitt på 23 båtar pr veke ut frå USA før brannen ved Freeport 8.juni, har volumet vore 17-18 etterpå. Med kanskje 60 lass som forsvinn over eit kvartal, kva skjedde med eit 15-tals båtar som var på veg til USA? Slik kan det p.t. sjå ut som om 5 ekstra skip kjempar om 20% færre oppdrag (med alle forbehold).

- Cool Runner. Max uflaks som første båt i kø før eksplosjonen ved Freeport. Fekk umiddelbart kapra eit oppdrag frå Melkøya.
- Meth. Heather Sally gjekk også tomhendt frå USA og sette full fart austover. Interessant!
- LNG Sakura sviv rundt i Gulfen
- Det ser det også ut som om British Sapphire og greske Yiannis gjer
- Maran Gas Amorgos sviv rundt utenfor Florida

Skip med fuel på tanken:

- FLEX RAINBOW fekk lasta i Lake Charles og er på veg til Gibraltar
- FLEX ENDEAVOUR fekk lasta 27. juni og har status OPEN SEA FOR ORDERS
-same status har Golar Snow som gjekk fullasta frå Sabine Pass «FOR ORDERS»
- Gaslog Glasgow går fullasta mot Sør-Europa
- BW Magnolia går fullasta mot Polen
- Marvel Swan fullasta frå Lake Charles mot Panamakanalen
- Stena Crystal er på veg mot Sabine Pass og oppdrag

- LNG Bonny II fekk som eit av 7 skip siste 14 dagar, last frå Point Fortin på Trinidad med kurs Thailand

Trinidad og Tobago var 6. største eksportør av LNG i 2020.
Positivt etter brannen ved Freeport -øydeleggjande for vår kursutvikling over sommaren - er Shell som melder om oppstart av Colibri. Eit halvt Melkøya-bidrag.
www.shell.com/media/news-and-media-releases/2022/shell-trinidad-and-tobago-delivers-first-gas-from-colibri-project.html

"Colibri, when combined with Barracuda and existing developments, will deliver more gas to the Trinidad and Tobago domestic market and the LNG export markets. Shell is a major shareholder in Atlantic LNG. The Point Fortin facility has a total capacity of about 15 million tonnes per annum of LNG but the plant has been experiencing supply issues due to dwindling domestic gas reserves."

Leveransane frå Melkøya har auka i takt:

6.juni: Arctic Voyager tok den 4 dagar lange turen til Skagen
16.juni: Arctic Lady til England (5 dagar)
20.juni: Artic Discoverer til Italia
26.juni Arctic Princess gjekk til Litauen
30.juni: LNG Endeavour går til Argentina
Juli: Cool Runner
Struts
20.06.2022 kl 11:29 4542

Og fra en annen aktør i løpet av helgen rapporteres det også om følgende nybygningskontrakter (på sikt virker troen på LNG ganske formidabel...):

LNG, LNG, and LNG...continue to dominate the newbuilding headlines (because most of the container berths are already booked). This week it was reported that Sinopec (Chinese government owned petrochemical group) and ENN Natural Gas (one of the largest private energy companies in China, listed in Hong Kong) are reportedly ordering LNG newbuildings with separate tenders for a total of up to 15 x 175,000 CBM newbulding vessels to be delivered by 2026.

ENN will reserve berths at domestic and overseas shipyards for 4 option 2 vessels and will then pick Owners to order the vessels while Sinopec has approached Chinese and foreign shipowners that will order the newbuildings with Sinopec taking ownership stakes.
Redigert 20.06.2022 kl 11:29 Du må logge inn for å svare
Struts
20.06.2022 kl 07:05 4641

Et par nybygg rapportert over helgen:

LNG carriers – Capital Gas has contracted two of 174,000 cbm at Hyundai Samho for delivery 1Q 2026, price US$ 240 million each.
Whatnow
18.06.2022 kl 21:36 4835

Blir markedet for dårlig så får de ta en modifikasjon på båtene slik at de kan transportere CO2 istedenfor som så blir fryst til flytende form og pumpet ned i avgrunnen. Dette er vel noe kanskje regjeringen vil bruke penger på :)
Redigert 18.06.2022 kl 22:10 Du må logge inn for å svare
Lynmann
18.06.2022 kl 20:52 4864

Stussar litt på utviklinga siste veke.

• Fredag 10.juni: Awilco annonserar ny langsiktig, lovande kontrakt
• Måndag 13.juni: Me er alle svært så optimistike til utsiktene framover
• Tysdag 14.juni informerar Freeport: "all necessary repairs and a return to full plant operations is not expected until late 2022."
-Dette betyr tap av minimum 60 laster over 3 mndr. Pareto kom med oppgradering av kursmål på morgonen, tysdag
• Onsdag 15.juni: Litt usikker her, men hadde ikkje Fearnley ein første reduksjon for "West of Suez 155-165k CBM" på usd 5.000?
• Torsdag 16.juni: Fearnley reduserar denne ned til usd 60.000 pr dag. På heimesida opererar Fearnley med 13.juni 2AM som tidspunkt for annonsering. Det er vel ingen som har sett at denne reduksjonen på usd 30.000 kom allerede måndag?
• Fredag 17.juni: Børsen sluttar på kurs 6.78, som kursen tysdag formiddag, etter to korte toppar denne veke oppom 7 kroner.

Som Helge påpeikar:
"I følge Pareto har LNG Carrier spot rate (TFDE) gått ned fra 111.436$ forrige uke til 108.508$/day denne uken,"

Med 10-tals ledige båtar i Atlanteren etter brannen i Texas er det diverre Fearnley som me må halda oss til her, med eit fall også i langtidskontraktane som uunngåeleg konsekvens utover. For meg er det svært overraskande at markedet ikkje har reagert på konsekvensen av den alvorlege brannen ved Freeport LNG!

Mest uflaks hadde Cool Runner som var neste båt for lasting i Texas, men som måtte forlata gulfen uten last. Close but no cigar.

På den andre side, nokon positive forhold sett med norske auger:

• 2023 utsiktene er framleis svært gode, på tross av nedtur i resultat for 2022.
• Høegh har sikra seg 10-års kontrakt med Tyskland for to anlegg for mottak av LNG; FSRU. E24.no spekulerar i eit omfang på 8-10 milliardar kroner. I påvente av å byggja landbasert mottak (2025ish) har Tyskland ambisjon om å knyta til seg 4 FSRU for mottak av gass innen utgangen av året, herav også litt forsyning frå Melkøya. Dette kan erstatta halvparten av Putingassen som kom i røyr.
Godt quizzspørsmål dette FSRU; Floating Storage and Regasification Unit. https://hoeghlng.com/fleet/default.aspx
• Det er bra at EU har auka sine gasslager med 30 prosent siste månad. Frå 40 til 52 prosent, med 130TWh, ein norsk årsproduksjon.

Leveransane frå Melkøya er langsomt i gang:

1. 6.juni: Arctic Voyager tok den 4 dagar lange turen til Skagen
2. 16.juni: Arctic Lady til England (5 dagar)
3. 24.juni? Arctic Princess ligg klar for neste last, etter å ha levert kun ei last i heile år; til Sri Lanka frå Gladstone i Australia. (WilForce som no tøffar utenfor Cape Town kom også frå Gladstone, etter å ha levert 5 laster i år)
4. Etterkomande leveranse er det også Høegh LNG som er ansvarleg for, ved Artic Discoverer som kom den kortare vei frå Rotterdam.

Ein morsom sak til slutt.
I 2019 belærde Jens Stoltenberg Donald Trump om kvifor det var riktig å kjøpa gass av Russland. Trump responderte: «No! You are just making Russia richer»
Urix – 16. mars – Energikrise – NRK TV
Lynmann
16.06.2022 kl 19:47 5038

Tre vekers stans i eksporten frå Freeport LNG hadde ingen annen innvirkning på LNGC-segmentet enn 15 Carriers som tuslar inn i Mexicogolfen i dorgefart. Stans på 3 mndr derimot er noko anna. Ikkje ein game changer, men gir umiddelbart 10-tals båtar sjansen til å kjempa om kortsiktige oppdrag. Påfølgjande press på dagsratane slår for Awilco negativt ut for estimatet på nettoen i 2021.

Ein eksplosjon er ikkje "uflaks". Det er sjølvsagt høgst ekstraordinært, men inngår i den vurdering og håndtering av risiko som privat næringsliv står overfor kvar dag. For nøyaktig 3 år sidan vart WilForce påkøyrd på slutten av ein kontraktsperiode. Uflaks sjølvsagt, men selskapet sikrar seg profesjonelt gjennom forsikringar.

Burde selskapet allerede ha inngått ein ny langtidskontrakt for skip #2 som for skip #1?

Slik var det jo "flaks" at Awilco inngjekk 3-års kontrakten før dagsratane no på kort sikt rasar. Flaks? Vil heller kalla det dyktig strategi. Ein god langtidskontrakt for ein båt sikra, mens den andre båten var på veg inn i Atlanteren med høge dagsratar i vente. Perfekt strategi spør du meg; alt anna er etterpåklokskap. Så er det dette med risiko som selskapet kontinuerleg må vurdera. Uflaks med invasjonen av Ukraina?

Nei. Storpolitikk er ein del av selskapet sine rammevilkår. Akkurat som aksjonærane må ta stilling til kva inflasjon og renteutvikling vil betyr for 2023-resultatet. Som vert godt, men eksplosjonen i USA forsinkar utviklinga i aksjekursen for både Cool og Awilco.
Struts
14.06.2022 kl 09:40 5240

Helg, og da våknet til og med FA:!

https://finansavisen.no/nyheter/shipping/2022/06/14/7881740/na-anbefaler-pareto-securities-kjop-av-awilco-lng?internal_source=sistenytt

Eh, uten at det hadde noen positiv innvirkning. Sukk.
Redigert 14.06.2022 kl 10:05 Du må logge inn for å svare
Helg11
14.06.2022 kl 09:23 5248

Jeg liker å snakke via regneark. Hvis du kikker på https://docs.google.com/spreadsheets/d/1Jm2J9YNgA-JweQfkR1zGOdXfOUH4XR-3njFEiY4xsJU/edit#gid=770674917 har jeg nå lagt inn et utkast med 98k/day i kolonne E. Jeg kommer da til net profit 35,5m$ og en P/E på 2,7. Hørte et intervju med Øystein Kalleklev i Flex LNG i går, og han spekulerte i spotrater opp mot 300k/day i høysesong nå på høsten, så da tror jeg 98k/day i snitt blir noe slapt for 2022. Hvis vi tar utgangspunkt i en 1års kontrakt på skip #2 fra desember på konservative 130k/day, vil snitt for 2023 være 110k/day. Bør være realistisk. Da er vi oppe i 44,3m$ i net profit og P/E på 2,1 for 2023. Da kommer kursmålene i tosifret terreng.

ALNG har et fantastisk utgangspunkt med begge skip ledig i tidenes beste marked, utbyttepolicy slår snart inn, samt at man får en post i Cool Co på kjøpet (og mulig sammenslåing som vil gi en ytterlige premium).
Helg11
14.06.2022 kl 09:10 5239

Oppdatering fra Pareto nå på morgenen:
Confirms 3Y TC at USD 90k/day – 1Y TC at USD 130 – 140k/day rumored…
Awilco confirmed a rumoured 3Y TC at USD 90,000/day last week; EV/EBITDA of
5.5x and P/E 3x. Start-up is in December with a ‘leading European LNG importer’
(Enel?) and will include a 2Y option. The company can nominate either vessel,
both are currently trading spot. EBITDA will be USD 26m – meaning ~80% of the
book equity for the vessel (and all the market implied equity) will be paid back on
one firm contract. Broker reports suggest that two-three TFDS also have been
fixed for a year at USD 130 – 140,000/day, which for ALNG would yield 2023
EV/EBITDA 3.5x and P/E 2x, with YE’23 NAV growing to NOK 10.6/sh.
…as activity is picking up – spot and term rates are firming ahead of winter
Activity has picked up in the LNGC market with both term and spot rates firming
further. MEGI tonnage is all but sold out and TFDEs are starting to get fixed in the
East for loadings in the Atlantic, so getting well paid to ballast. Energy security
remains in focus and charterers are looking ahead to a winter market which could
get extremely tight, and with a political push to have capacity available just in case,
they are willing to pay up to fix tonnage forward. Asian gas prices are above
European ones and arb-economics point to an uptick in tonne-mile demand.
Still a levered option – but increased confidence. BUY (HOLD), TP NOK 8.7
ALNG remains a levered option, currently priced at 1.25x NAV with LTV of 75%.
This implies a market value of USD 143m/vessel, in line with COOL which has a
larger and younger fleet. Q2 will be weaker than Q1 for ALNG (around breakeven) but with increased confidence from one firm contract we are comfortable
looking into 2023. Here, the company trades at EV/EBITDA 6x and P/E 4x
assuming one vessel on our spot estimate of USD 70,000/day. We find the
risk/reward attractive, seeing as 1Y TCs are now being done at twice this level
(USD 130 – 140,000/day). We upgrade to BUY (HOLD) and raise our TP to NOK
8.7 (7.1) equal to YE’23 NAV at USD 90,000/day
Struts
14.06.2022 kl 07:40 5289

Hyggelige tall å lese! Men i disse dager så faller alt uansett hvor lukrative avtaler som blir inngått. Men etter regn kommer sol osv.! Trøster meg med at ikke fastlegen avlivet meg i går. Han sa tvert i mot at jeg kunne bare drikke øl! Bra ikke bryggeriene streiker!
Lynmann
13.06.2022 kl 23:58 5333

2021 rekneskapet ga Awilco usd 21M i netto inntekt for 2 skip.

Markedet synest pt ikkje heilt tilfreds med den nye avtalen, som for 2023 – 2025 vil bidra med eit driftsresultat for ein av båtane på usd 26M årleg. Det burde markedet vera svært tilfreds med.

Til frådrag kjem renter og avskrivning på ca. usd 11M pr skip. Mot gode usd 21M oppnådd for to båtar i 2021 vil båt #1 aleine bidra med ein netto på usd 15M årleg. Altså usd 45M over 3 år, mens rentebærande gjeld er på nivå i overkant av usd 100M pr båt, som er 12 år gamal ved utløp av kontrakt.

Reknestykket for båt #1 er basert på usd 91.000 pr dag med litt høgare driftskostnad enn for 2021.

Båt #2 vil for 2023 auka netto inntening med usd 3,6M for kvar usd 10.000 høgare dagsrate. Oppnår båt #2 ein dagsrate gjennom 2023 på usd 130.000 vil selskapet framvisa ein netto på 15+15+10,8 = fantastiske usd 40M. Forward P/E på 2.4 med dollarkurs 9,50 og dagens aksjekurs på 7 kroner. Ned frå ein P/E på 4.6 for 2021 resultatet.

Kva med inneværande år?
Q1 på usd 6M og usd 2M for Q2 kan vera eit brukandes estimat.
Dagsrate på Q1 nivå, usd 78.000, vil gi eit årsresultat på 6+2+6+6= usd 20M.

Kvar usd 10.000 pr dag høgare rate for begge båtar i andre halvår vil plussa på dette resultatet med usd 3.6M.
Dagsrate på usd 98.000 vil gi Awilco ein 2022 netto på ca. usd 27M og ein P/E på 3.6
Kva tenkjer Helge om dette?
Helg11
13.06.2022 kl 10:03 5452

Ja, både Pareto og Fearnley (fearnpulse.com) oppgir 140k/day på 1yr. Hvis de i tillegg kan gå på spot i høysesong til enda høyere rater, så blir dette kanon. At Awilco har begge skip ledig i dette markedet (vs. Cool på 20% ved årsslutt) er jo meget god timing. :-)
Slettet bruker
13.06.2022 kl 09:48 5432

Takk, Helg11! Når Pareto traff på første rykte, kan man jo håpe de gjør det på neste også. To knallsterke kontrakter og spot helt frem til desember, på i alle fall et av de, bør kunne gi SVÆRT gode penger i kassen.
Helg11
13.06.2022 kl 09:08 5461

ALNG: Confirms 3Y TC at USD 90k/day
• During trading on Friday, Awilco confirmed the rumor we wrote about in
Shipping Daily; namely a 3Y TC at around USD ~90k/day. Start-up is in
December 2022 with a ‘leading European LNG importer’ and will include a 2Y
option. According to the company, EBITDA will be USD 26m (implied
EV/EBITDA 5.5x and P/E 3x). A similar contract for the second vessel would
yield EV/EBITDA 5x, P/E 3x and a YE’24 NAV of NOK 10+ in ALNG
• We note that a 1Y TC at USD 130 – 140k/day is rumored for the second vessel
though (implied EV/EBITDA < 4x and P/E < 2x). Assuming start-up in Dec’22
for that as well, we would peg 2023 EV/EBITDA 4x and P/E 2x in ALNG, with
YE’23 NAV growing to NOK 10
(Pareto)
Struts
13.06.2022 kl 07:54 5535

Noen nybygg rapportert over helgen i LNG-segmentet:

LNG carriers – Maran Gas has contracted two of 174,000 cbm at Daewoo, price US$ 233.7 million each, deliveries FH 2026
LNG carriers – four of 174,000 cbm ordered at Daewoo by a Korean consortium comprising SK Shipping, Panocean and H-Line for deliveries FQ 2025 for employment a/c Qatar gas – price US$ 212.5 million; price agreed and berths reserved long ago
Fokus
10.06.2022 kl 00:28 5875

Ja, her har noen behov for å gi gode råd til andre etter at dei selv har solgt seg ut, eller snakke ned selskapet som det også kan beskrives som, så derfor litt motvekt.
Ser vi på inntektssiden er ALNG nær til å oppnå langsiktige kontrakter for sin flåte til US$ 120.000 pr. dag eller mer.
For FLEX kjenner vi til at mange skip går på kontrakter noe under US$ 100.000 pr. idag, og vil fortsette med det i noen år til.
For COOL er vel oversikten noe dårligere, men jeg tror det er lettere å få gode avtaler for 2 skip enn for 8 skip.
Og med kontrakter fra US$ 120.000 kan vi leve godt. Her vil en se både gode utbytte og gjeld som går raskere nedover, som igjen vil påvirke kursen positivt.
Fra dagens kurser har nok ALNG størst mulighet til å oppnå en fordobling i kursen sett mot FLEX (til NOK 14,00 for ALNG mot NOK 520,00 for FLEX).
Jeg tror vi også ser NOK 14,00 for ALNG før vi ser NOK 188,- for COOL, men igjen er det fremtiden som har svaret
Største faren idag ligger vel kanskje i at alle vil strekke strikken lengst mulig for å oppnå best mulige rater, men vi kjenner jo til at noen ganger slitner strikken og det pleier å gjøre vondt, så hvem rammer den denne gangen tro?
Men lykke til alle vi som liker oss i LNG markedet.
Lynmann
09.06.2022 kl 23:59 5856

Entreprenør og dollarmilliardær Michael S. Smith har ikkje hatt nokon enkel reise sidan han i 2002 etablerte seg på Quintana Island, 80 km sør for Houston.
About | Corporate History | Freeport LNG

Eksplosjonen på anlegget til Freeport LNG i går var uheldig og skapar uro i markedet, men betyr ikkje all verdens når året er omme. Ein million tonn mindre LNG enn dei 465 millionar tonn ekspertisen estimerar for 2022, vert henta inn av 2-3 ekstra millionar tonn frå ein annen eksportør (Cheniere) som kjem i gang tidlegare enn forventa med ny produksjonslinje.

www.forbes.com/sites/christopherhelman/2021/06/11/meet-the-bronx-born-billionaire-exporting-americas-shale-gas-bonanza/?sh=5dc805924db7

Frå Freeport på Quintana Island går det ut ca. 5 skip med LNG kvar veke, frå 3 produksjonslinjer som kvar har ein kapasitet a la Melkøya på 5Mtpa.
"An outage for three weeks minimum is a loss of around 940,000 tonnes of LNG. If you took an average cargo size around 70,000 tonnes, that’s about 13 cargoes," said Alex Froley, LNG analyst at data intelligence firm ICIS.
Freeport LNG fire cuts key source of U.S. gas supply to Europe, Asia (yahoo.com)

Kva er konsekvensen av brannen for våre skip, utover den umiddelbare støy i markedet?
Michael Smith sa tidlegare i år at han sende 3 av 4 skip til Europa. Denne andel rapporterar EIA også for den totale eksporten frå USA så langt i år, på tilsaman vel 500 lass. Han sa også at dette vil endra seg litt i favør av Asia til vinteren.

Merk at amatøren i denne tråden har undervurdert effekten av dei kortare reisene til Europa. Når første halvår er passert har USA eksportert over 20 prosent større volum, ved hjelp av kun ca. 5 prosent fleire frakter. Vel 550 i januar - juni, mot 1.050 i heile 2021. I tillegg skal 12-15 nybygg ha kome til i første halvår. Fasit ligg uansett i ratane til Fearnley: usd 18.000 pr dag høgare på spot og usd 40.000 høgare rate for eit års kontrakt, samanlikna med for eit år sidan.

Freeport LNG står for ca. 20 prosent av eksporten frå USA. Europa ser ut til å tapa 10 lass som følgje av eksplosjonen. Kortsiktig har Europa 618 TWh på lager (50% fyllingsgrad i EU), 26 TWh meir enn for ei veke sidan. Konsekvensen kjem likevel til vinteren for fleire millionar europearar som kunne hatt ca. 7 TWh meir til disposisjon. Slik auka markedsprisen på gass umiddelbart i går.

Kundane til Freeport er langsiktige.
“BP, TotalEnergies, Osaka Gas, Japan's biggest power generator JERA and South Korea's SK Gas Trading are listed as the buyers of Freeport LNG cargoes, industry sources said. BP has the largest contract at 4.4 million tonnes per annum through 2040”.

13-15 skip i retning Texas er allokert til Freeport neste 3 veker og kan slakka ned på farten. Dette er ikkje skip som i stor grad kan omdirigerast til andre oppdrag på så kort horisont.

EIA med siste vekesrapport i kveld melder om 5 skip ut frå Freeport siste veke:

“Natural gas deliveries to U.S. LNG export facilities (LNG pipeline receipts) fell slightly this report week, averaging 12.5 Bcf/d, or 0.3 Bcf/d lower than last week. Natural gas exports to Mexico decreased by 1.5% (0.1 Bcf/d).

U.S. LNG exports decrease by one vessel this week from last week. Twenty-two LNG vessels (seven from Sabine Pass, five from Freeport, four from Corpus Christi, three from Cameron, two from Calcasieu Pass, and one from Cove Point) with a combined LNG-carrying capacity of 82 Bcf departed the United States between June 2 and June 8"
SuperSeven
08.06.2022 kl 22:01 6038

Ha en fin reise med COOL! Selv sitter jeg fint rolig i båten med 250.000 aksjer til et snitt på Kr.3,- Dere må gjerne komme å kjøpe oss opp utpå høsten, men billig blir vi ikke!
Lynmann
08.06.2022 kl 15:04 6113

Bra!
Snakkast på Cool-tråden, så kan amatørar som Struts og eg fabla i fred her.