Per Bufast i ei ny tid. Det store spelet av Tarje Vesaas

Slettet bruker
MUMLE 20.08.2019 kl 20:14 578

Denne teksten vart skriven i 2002 og blei publisert i Varden (Telemark Tidend) og magasinet Jordvett. Eg var på den tida forskar ved Telemarksforsking-Bø og småbrukar i Kviteseid i Vest-Telemark.

For om lag 70 år sidan, skreiv ein av våre største forfattarar, Tarjei Vesaas, sin fantastiske roman Det store spelet. Romanen sin hovudperson er odelsguten Per Bufast, som gjennom heile oppveksten kjempar ein indre meiningskamp i skjeringspunktet mellom garden og den store verda. I romanen gjev Vesaas eit gripande inntak til menneskesinnet sitt søk etter meining, og, ikkje minst, til kvar denne meining er å finna.

På eitt nivå er det ein avgrunn mellom Per Bufast og dagens unge. Ein kan nemna bilen, romraketten, Beatles og Aqua-Lene, radioen, fjernsynet, diskoteket og internettet. Per vaks og opp i eit pliktsamfunn. Dei unge i dag, derimot, veks opp i samfunnet der alt er mogleg – eit samfunn prega av valsituasjonar. Plikt er negativt sanksjonert. Lyst og interesse dominerer som handlingsgrunnlag. Det å «gjera det ein eigentleg vil» er forventa.

Men Vesaas var ein framsynt og tidlaus forfattar. Det han får fram om menneskesjela og denne sine mange og løynde krokar er like aktuelt. For kva var det som til sjuande og sist avgjorde for Per? Lenge var han i tvil. Men så opna det store spelet seg for den vaksne odelsguten. Augo og hugen opna seg for samanhengen, for det store økologiske samspelet på garden – mellom liv, død, jord, dyr og menneske. Per oppdaga meining, han oppdaga at det var dette han ville. Han fekk lyst. Då var han ikkje lenger i tvil.

https://komposten.no/?p=2490
Slettet bruker
20.08.2019 kl 20:20 575

opna det store spelet for NULL iver max KRAV kommunisten. lol

Din per
du vil være kommunismens odelsgut
Slettet bruker
22.08.2019 kl 12:26 548

Dine innspill, stiller selv meitemarken i forlegenhet.